Førejulstid på Natås framhaldsskule

For skuleelevar markerer juleferien at halve skuleåret er fullført, og mange ser fram til nokon fridagar frå undervisning og heimeleksar. Jula var også eit viktig tema i skuleavisa til Natås framhaldsskule.

I ugåva av avisa frå 18.12.1957 finn vi diktet “Mot jol!” av L.F Hov

Framhaldsskulen var ein eitt til toårig skule som bygde vidare på folkeskulen, og fungerte som eit alternativ for elevar som ynskte ei mindre teoripreget undervisning enn den man fann i realskulen. I 1969 vart både framhaldsskulen og realskulen del av den obligatoriske niårige grunnskulen.

I arkivet etter Framhaldsskulen i Lindås finn vi skuleavisa til Natås framhaldsskule. Avisa er handskriven og inneheld dikt, skildringar frå skulekvardagen, forteljingar og enkelte illustrasjonar. Fyrste innlegg er datert 15.12.1956.     

Skuleavisa til Natås framhaldsskule

I avisa finn vi årlege innlegg med tittelen «Eit halvt skuleår», kor elevane så tilbake på sitt fyrste halvår på Natås. Soge, religion, rekning, engelsk, hagebruk og helselære var nokon av faga elevane vart undervist i. Engelsk og helselære blir trekt fram som dei to mest krevjande faga, medan hagebrukslære var eit av faga elevane meinte var enklast.

I avisa finn vi fleire flott illustrasjonar

I «Eit halvt skuleår» frå 1958 skrivast det at førjulstida hadde vore ei travel tid for elevane, med både skulearbeid og førebuing til fest. Men «med hjelp av kvarandre har det gått». Dette var den fyrste festen elevane hadde på Natås, og mange var nok spente. Det vart konkludert med at dei hadde lært mykje i tida som hadde gått på Natås, og at dei nok kom til å lære mykje meir. Etter eit halvt år på skulebenken gleda elevane seg til juleferie, kor dei skulle få kvila seg ut.

“Eit halvt skuleår” i utgåva frå 1958

Ei oversikt over arkivet etter Framhaldsskulen i Lindås kan dykk sjå på Arkivportalen.no her

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *