Arkiv frå Radøy kommune

Arbeidet med å hente inn nyare arkiv frå Radøy har no starta.

Radøy kommune og IKA Hordaland har avtale om ordning av rundt 540 hyllemeter personregister og administrative arkiv. Det som vert henta inn no er i hovudsak arkivmateriale frå tida etter 1992.

Radøy kommune vart skipa i 1964 ved samanslåing eller grensejusteringar mellom seks kommunar som heilt eller dels låg på øya. Arkivmateriale etter desse er allereie henta og ordna hjå oss, og katalogane er tilgjengelege på arkivportalen.no. De kan sjå katalogane her:

Arkivmateriale frå perioden 1964-1991 er òg omfatta av ordningsavtalen og arbeidet med desse arkiva er godt i gang. Dette arkivmaterialet vart henta inn i 2016. Vi legg fortløpande ut etter kvart som arkiva vert ordna. De kan sjå katalogen her:

Vi har lagt arbeid i gjenbruk av møteregister og liknande som kommunen har laga. Desse har vi knytt til katalogen og lagt ut på arkivportalen. Saksregister til formannskapsmøta frå 1964-1992, 1997-1999 ligg saman med protokollen for bygningsrådet 1966-1977 og kan søkjast opp der. Vi har no fått ytterlegare lister frå kommunen som vi skal bruke i det vidare arbeidet.


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *