Kommunereforma i eit historisk perspektiv

I desse dagar skal fleire kommunar i Hordaland, snart Vestland fylkeskommune, slås saman. Som del av den pågåande kommunereforma skal 33 kommunar bli til 25. Kommunereform er ikkje noko nytt fenomen. Frå skipnaden av kommuneinndelinga i 1837 og fram til i dag har det vore fleire endringar i kommunestrukturen i Noreg. I desse dagar gjennomførast den mest omfattande reforma sidan 1960-talet, då ¼ av Noreg sine kommunar forsvann.

Frå oppløysning til samanslåing

Formannskapslovane av 1837 delte kommunane inn etter kyrkjesokn, noko som resulterte i 392 kommunar i Noreg. 26 av dei låg i Hordaland. Dette skulle likevel ikkje være tilfelle lenge.

Frå slutten av 1800-talet av var det ein kraftig vekst i kommunetalet her til lands. Det var nemleg vanlegare å dele opp kommunar enn å slå dei saman. Det var fleire grunnar til at ein gjorde dette, blant anna fordi fleire ynskja større deltaking i eigne lokalsamfunn, noko som kunne være vanskelig i store kommunar med dårleg infrastruktur. Talet på kommunar i Noreg nådde toppen i 1930. Då var det 747 kommunar i landet, kor 56 av desse låg i Hordaland. Etter 1930 heldt talet på kommunar seg ganske stabilt fram til etterkrigstida.

Kart over Søndre Bergenhus Amt: Hordaland (1986)

Kilde: Kartverket (Norges Geografiske Oppmåling)
Kart over Søndre Bergenhus Amt: Hordaland (1896)

Etter andre verdskrig vart kommunesamanslåingar svært aktuelt på bakgrunn av blant anna teknologiske nyvinningar og nye transportmåtar. Overgangen frå sjøtransport til landevegstransport spelte spesielt ei viktig rolle. I tillegg vart mange av småkommunane sett på som ineffektive. Hensikta med å slå saman kommunar den gong var blant anna at det skulle føre til betre kommunale tenester, effektivisering av drifta, betre politisk samordning og felles arealplanlegging – altså mykje av det same som i dag.

Schei-komiteen

Etter krigen bestemte regjeringa seg for å sjå nærmare på kommunestrukturen i landet. Schei-komiteen, leda av fylkesmann i Sogn og Fjordane Nikolai Schei, vart satt i gong av Stortinget i 1946 for å greie ut moglege endringar. Arbeidet til komiteen varte i 12 år, fram til 1962, og resulterte i tre innstillingar. Den første innstillinga anbefalte å oppheve soknekommunane. Soknekommunen var ein tidlegare underkommunal eining som var delt inn etter kyrkjesokna. Opprettinga av soknekommunane var frivillig, og opp til kommunen sjølv å opprette. Oppgåvene deira varierte, men innebar ofte ansvar for skolestell, vegutbygging og fattigvesen. Den andre innstillinga kom i 1951, og omhandla prinsipielle retningslinjer for samanslåing av kommunar. Schei-komiteen anbefalte mellom anna ei nedre grense på 2500 innbyggarar i ein kommune, at kommunen måtte ha eit allsidig næringsliv, eit robust sentrum og grunnlag for ein niårig skule. I perioden 1959 til 1962 kom den tredje innstillinga. Den omfatta konkrete forslag til kva for kommunar som burde slås saman.

Heftet "Om en revisjon av den kommunale inndeling m.v. Prinsipielle retningslinjer".

Schei-komiteen si andre innstilling kom i 1951

Som resultat av Schei-komiteen sitt arbeid vart talet på kommunane i Noreg redusert frå 744 kommunar i 1957 til 454 kommunar i 1967. Dei fleste kommunane forsvann i perioden 1962-1965, med 1964 som toppåret. Då forsvann omlag ¼ av Noregs kommunar, 164 kommunar for å vere heilt nøyaktig.

Reforma i Hordaland

I tida etter Schei-komiteens innstillingar vart det gjort fleire endringar i kommunestrukturen i Hordaland. I 1957 hadde Hordaland 56 kommunar. Ti år seinare, i 1967, var talet redusert til 36.


©Kartverket
Kommuneinndelinga i dagens Hordaland

Fleire av kommunane som vart slått saman etter Schei-komiteen hadde tidlegare vore del av same kommune, som til dømes Strandvik og Hålandsdal, som begge vart skilde ut frå  Fusa kommune. Strandvik vart skilde ut frå Fusa i 1903 og Hålandsvik vart skilde ut i 1902 – litt over 60 år seinare vart dei igjen samla i Fusa kommune.

Me finn også døme på at kommunar som vart slått saman på 1960-talet seinare delte seg opp igjen, samt kommunar som vart slått saman utan å ha vore saman før. Ullensvang er eit slikt døme. Saman med Kinsarvik gjekk Eidfjord i 1964 inn i Ullensvang kommune, sjølv om bare Kinsarvik vart verande i kommunen. Kinsarvik hadde saman med Odda vore del av Ullensvang kommune fram 1913. Då vart begge kommunane skilt ut frå Ullensvang. Før storkommunen fekk namnet Ullensvang hadde kommunen heitte Kinsarvik fram til 1870. I 1977 vart Eidfjord skilt ut frå Ullensvang kommune, 13 år etter kommunesamanslåinga i 1964.

Til tider kan det vere misvisande å snakke om kommunesamanslåing i forhold til reforma på 1960-talet – i fleire tilfelle vart ein kommune delt opp og fordelt på fleire ulike nabokommunar. I Hordaland finn me den kommunen som vart fordelt på flest andre kommunar i Noreg, nemleg Herdla. Herdla kommune vart i 1964 delt i fem; Radøy, Askøy, Meland, Fjell og Øygarden fekk alle ein del av Herdla.

Møtebok for kommunesamanslåingsnemda i Askøy

Kommunereform i dag

I 2013 bestemte regjeringa seg for å utgreie ein ny kommunereform. Fire år seinare vedtok Stortinget å redusere talet på kommunar frå 426 til 358, som gjer reforma til den mest omfattande strukturendring sidan 1960-talet. Reforma har ført oss nærmare kommunetalet frå formannskapslovane av 1837 enn nokon gang i nyare tid. Eit av hovudformåla med denne reforma var å forsikre seg om alle kommunar har tilstrekkelege økonomiske og personellressursar for å ha ei god drift. I dette arbeidet har man henta lærdom frå historiske samanslåingar og oppløysningar for å sikre ei god ordning

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *