Skjeggkre – Ein uboden gjest i arkivet

Skrive av Inge Vikane

Skjeggkre er eit emne som dukkar opp i media frå tid til anna. No etter sommarferien var det blant anna ein skule der elevane fekk beskjed om å fryse ned skulebøkene sine på grunn av skjeggkre på skulen. Det har dei siste åra vore eit stigande tal på rapporteringar om bygningar med skjegg- og sølvkre.

IKAH har, som andre arkivinstitusjonar i Norge, vore sitt ansvar bevisst og har fleire tiltak for å overvake, avgrense og halde skjeggkrebestanden under kontroll. Skjeggkre er små, raske og lyssky, og kan difor vere vanskelege å halde under oppsyn. Dei kjem seg inn nærmast over alt, kan leve godt skjult over lang tid og har dessverre evna til cellulosenedbryting. Dei kan difor finne på å ete papir om dette ligg lett tilgjengeleg.

 Vi har observert skjeggkre i restar frå emballasje og på pallar, i våtrom så vel som i kontorlokala våre. Dette var heller ingen overrasking, då skjeggkrea er blitt ein norgesvenn om vi vil det eller ikkje. Heldigvis er det fleire måtar å bekjempe dei på. Det som viser best resultat er limfeller med åte, godt og regelmessig reinhald, og det å ha låg luftfukt (55 % reel luftfukt eller under) og låg temperatur (16-18 °C). I våre arkivmagasin er alle desse tiltaka vore gjort. Ved å ha messaninduk ut mot fjellveggen og kontroll på lufta som kjem inn via ventilasjonsanlegget har temperatur og luftfukt alltid vore låg og under kontroll. Dei nyaste tiltaka våre er blant anna å ha minst mulig arkiv i kassar ståande og ingen arkiv på trepallar i langtidsmagasinet. Det å ha minst mulig ståande på golvet gjer òg at reinhaldet blir enklare. Mykje av arkivet som vert tatt inn i magasina får ny innpakking i form av nye boksar når det blir ordna. Heile magasinet vert grundig reingjort to gonger for året, i tillegg til vanleg reingjering kvar veke. Limfeller med åte er plassert ut fleire plassar i magasinet og vert kontrollert med jamne mellomrom. Til no har det ikkje blitt funne nokon kre av noko slag. Same type limfeller med åte er plassert ut i resten av lokala våre, både for å halde bestanden nede og for å kunne ha eit visst innblikk i kor stort omfanget er av skjeggkre i bygningen. Langvarig og målretta innsats med desse tiltaka viser seg å gje dei beste resultata mot sølvkre og skjeggkre.

Norsk hussopp forsikring (hussoppen.no) har ei rekke tips til korleis du kan bli kvitt skjeggkre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *