Strategiprosessar på 1-2-3

For eit par veker sidan arrangerte vi fagseminar for alle tilsette på IKA Hordaland. Vi fekk besøk av kommunikasjonsleiar i Alver kommune Silje Andvik Hosaas. Saman med KS konsulent har kommunen utvikla ein ny metode for å jobbe med arbeidsprosessar. Hosaas fortalde oss om «Alver-metoden», korleis Alver har nytta metoden for å bygge ny kommune og erfaringar dei gjorde seg i denne prosessen. Det var svært nyttig og interessant å høyre om, og til no har dei mange gode erfaringar med metoden. Dei har sett på arbeidsprosessane, altså tenestene kommunane skal levere til sine innbyggjarar. Når tre kommunar skal bli ein finst det ofte minst tre forskjellige måtar å utføre/levere ei tenest på. Ved å nytte metoden kjem dette fram og ein kan lage ein ny og felles arbeidsprosess saman, som alle har eigarskap i.

Metoden går ut på å kartlegge arbeidsprosessen, ein går igjennom oppgåvene steg for steg i alle dei tre kommunane. Etter å ha identifisert oppgåvene og korleis dei vert utført kan deltakarane kome med forslag til korleis ein kan effektivisere og forbetre arbeidsprosessane i den nye kommunen. KS har arrangert eit webinar om metoden. Webinaret kan du sjå her.

Føremålet med å ha besøk av Hosaas og lære meir om denne metoden er at vi på IKA Hordaland sjølv skal gjere endringar i våre arbeidsprosessar i samband med strategiarbeidet vi no held på med. Vi skal nytte metoden, som er noko moderert etter våre behov, då vi i fyrste omgang skal jobbe med strategiprosessar. Denne veka hadde vi vår fyrste samling og tema for dagen var ein gjennomgang av tenestene vi leverer innanfor selskapsavtala. Det vil mellom anna si rådgjeving jf. alle fagområda våre, formidling, utviklingsprosjekt, kommunikasjon osv.  Vi vart delt inn i grupper og såg nærare på våre styrker og svakheiter, samt mogelegheiter og truslar prosessane blir utsette for. Alle innspela og forslaga blir ikkje kommentert på møte, men teke med vidare i strategiarbeidet.

Tilsette i djup konsentrasjon

Føremålet med desse samlingane er også å lære å jobbe på denne måten. Vi har eit ønske om å vidareutvikle metoden, slik at den også kan brukast i samband med arbeidet vi gjer jf. internkontroll i dokumentasjonsforvaltninga (arkivplanen) for kommunane våre. Det å jobbe med arbeidsprosessar gjer også at rutinar blir betre, samstundes får dei tilsette i kommunen eit eigarskap til prosessen og rutinen, skapar større forståing i verksemda og gjer at ein kan sjå sine arbeidsoppgåver i ein større samanheng.

Essensielt verktøy

Vi på IKA Hordaland skal utover hausten forsette dette arbeidet og gå igjennom alle avtalene vi har med kommunane.   

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *