Forvaltningsreformer og følger for arkiv

Når Stortinget fattar vedtak om at offentlege oppgåver skal flyttast mellom kommunalt, fylkeskommunalt eller statleg nivå, ber det med seg konsekvensar for arkiva. No og då dukkar det opp arkivmateriale som av ulike grunnar har hamna hjå kommunane våre, men som av omsyn til forvaltingsnivået ikkje høyrer heime i kommunale arkivdepot.

Riksrevisjonen si undersøking om arbeidet med sikring og tilgjengeleggjering av kommunale arkiv slo fast at kommunesamanslåingar og omorganiseringar som inneberer eit skifte i forvaltingsnivå gjer arkiva spesielt utsette for tap. Dette gjeld særleg for fagarkiv eller eldre og avslutta arkiv. Omorganiseringane innanfor næringsmiddeltilsynet, forliksråda og nye selskapsstrukturar i kommunane vert trekte fram som sentrale døme. Sjølv om kommunereforma har gjort det naudsynt for nokre kommunar å avslutte og avlevere arkiva deira til arkivdepot, har det enn så lenge ikkje vore snakk om ei overføring av oppgåver mellom forvaltningsnivåa som lekk i kommunereforma. Historisk har det likevel vore mange døme på dette. 

Eitt døme er verjemålsreforma frå 2013 som i si tid medførte at overformynderiet si rolle og oppgåver vart overtekne av Fylkesmannen. Det medførte i praksis at det kommunale overformynderiet vart avvikla. Arkiva etter det kommunale overformynderiet som vart nedlagt, vart avslutta og avleverte til arkivdepot. IKA Hordaland starta arbeidet med å hente inn arkiva etter overformynderia blant medlemskommunane våre i 2014. Det pågåande arbeidet med ordning, katalogisering og publisering av desse er snart ferdigstilt. Regionsreforma vil truleg føre med seg overføring av oppgåver til dei nye regionane, og det er varsla flytting innan områder som mellom anna kompetanse og integrering, folkehelse, klima og miljø, næringsutvikling og landbruk, forsking, samferdsle, planlegging og kultur. 

Når vi finn arkivmateriale som krev samhandling med dei andre arkivinstitusjonane i Hordaland, tek vi kontakt med Arkivverket ved Statsarkivet i Bergen om det gjeld statleg materiale eller Hordaland fylkesarkiv om det gjeld fylkeskommunalt materiale. Når ei avleveringsavtale er på plass kan vi avlevere materialet til den institusjonen der arkivet opphaveleg høyrer heime.

HVPU-klientar til fylket

HVPU-reforma påla frå 01.01.1991 kommunane det fulle ansvaret for alminnelige tenester for psykisk utviklingshemma. Oppgåva vart flytta frå fylkeskommunen og som følgje vart det bestemt at fylkeskommunane sjølve skulle ta vare på arkivmaterialet frå desse institusjonane. Ved det kommunale legesenteret på Fenring på Askøy vart det funne arkivmateriale etter Furuly dagheim og skule. Arkivmaterialet avgrensa seg i hovudsak til klientmapper frå 1970- og 80-talet, og vart etter ordning og katalogisering hjå oss overført til Hordaland fylkesarkiv tidlegare i år. 

Forliksråda til Statsarkivet

I 2006 overtok Politi- og lensmannsetaten sekretariata for forliksråda frå kommunane. Det vart peika på tre alternativ for avlevering av det kommunale arkivmaterialet etter forliksråda sine og eigne bevarings- og kassasjonsføresegner


  1. Arkivmateriale eldre enn 1930 skal avleverast til statsarkiva.
  2. Arkivmateriale frå perioden 1930 – 1995 skal følgje den etablerte rutinen og leverast til statsarkiv eller kommunalt arkivdepot.
  3. Materiale yngre enn 1995 skulle på tidpunktet ved omlegginga av forliksrådet verte gjort tilgjengelig for dei respektive politidistrikta og bli overlevert dit. 

Ved IKA Hordaland er etablert praksis at vi ikkje tek hand om arkivmateriale etter forliksråda. Alle forliksråda i kommunane våre er allereie avlevert eller vert løpande avleverte til Statsarkivet i Bergen. I den siste tida har vi levert etterslep av arkivmateriale frå Masfjorden, Ullensvang, Herdla, Fjell og Sund forliksråd til Statsarkivet. Bergen kommune har organisert seg noko annleis og Byarkivet tek sjølv hand om arkivmateriale etter Bergen forliksråd og dei andre kommunale forliksråda som vart tatt opp i kommunen i 1972. 

Audiovisuelt materiale til Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket fekk i oppgåve av Kulturdepartementet å kartlegge og lage ein nasjonal plan for digitalisering og bevaring av den audiovisuelle kulturarven som bur i arkiv, museum, bibliotek og private samlingar i Norge. Tidlegare i år fekk mange tilsend ei undersøking om dette. Vi har på noverande tidspunkt ikkje egna lokalar som sikrar gode oppbevaringstilhøve for audiovisuelt materiale i magasina våre. Difor er vi glade for at Nasjonalbiblioteket tek ei styrande rolle i dette arbeidet. Tidlegare har vi henta inn og overført lyd- og videomateriale frå Sogenemnda i Os kommune til Nasjonalbiblioteket. Dette sikrar ikkje berre forsvarleg oppbevaring, men òg at informasjonen om dei einskilde elementa er lette å finne att i Nasjonalbiblioteket sin database. Det sikrar at forskarar og andre interessentar kan bruke materiale, Nasjonalbiblioteket har òg kunnskap om og tilgang til rett utstyr for avspeling av dei ulike formata. 

Klientmapper frå Furuly vart avlevert fylkesarkivet tidlegare i år

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *