Ferdig ordna elevarkiv frå Askøy

Elevdokumentasjon er noko av det viktigaste skulane tek vare på for ettertida. Det er fordi materialet inneheld dokumentasjon som bidreg til å ivareta rettstryggleiken til elevane medan dei er i skuleløpet og i ulike omstende etter enda skulegang. Dokumentasjon om elevane samlast i elevmapper. Vanlege sakar i ei slik mappe er etter logopedi, PPT, barnevern, permisjonar, ferie, generell og tilrettelagd undervisning og mykje meir. Dei aller fleste av oss har gått på offentlege grunnskular, ein kan difor oppdrive informasjon om seg sjølv i arkiva etter dei mange skulane.

Bilete av ferdig ordna elevmapper frå Kleppestø ungdomsskole.
Ferdig ordna elevmapper frå Kleppestø ungdomsskole i arkivboksar

I sumar har me vorte ferdige med å ordne elevarkivet etter skulane i Askøy kommune t.o.m. 2015. I tillegg har me ordna personarkiva etter barnehagane og logopedtenesta på Askøy. Til saman har me registrert 12.753 personmapper for desse einingane. Av desse var det flest elevmapper, nemleg 10.133 mapper fordelt på 20 ulike skular. Nokre elevar har meir enn ei mappe, difor er det ikkje like mange registrerte elevar som talet på mapper. Andre elevar har ikkje mappe i det heile teke, desse kan finne seg sjølve til dømes i klasselister eller i fråværsdagbøker.

Den totale mengda arkiv for prosjektet vart kartlagd til 276 hyllemeter, inkludert dei 28 hyllemetra som allereie var deponert til IKA Hordaland. Blant desse metra kan ein i tillegg finne saksarkiva til dei einskilde skulane, post, fråværs- og karakterdokumentasjon, historisk materiale, informasjon om skulebygga og møtebøker frå møteverksemda til skulane.

Arbeidet byrja mot juletider 2018. Då planla me prosjektet for arkiv knytt til oppvekstavdelingane i Askøy kommune. Prosjektet er eit samarbeid mellom Askøy kommune og IKA Hordaland om synfaring, hausting, ordning og registrering av desse kommunale arkiva. Planlegginga av prosjektet og synfaringane hjå dei ytre einingane resulterte i ein kartleggingsrapport som gjorde det vidare prosjektarbeidet lettare. Her kan de lese meir om den tidlege fasen av prosjektet.

Bilete av dei uordna elevmappene frå Kleppestø ungdomsskole før hausting og ordning av IKA Hordaland.
Dei uordna elevmappene frå Kleppestø ungdomsskule før hausting og ordning på IKA Hordaland

Klikk på koplingane under for å finne ei oversikt over kva arkivmateriale som er registrert ved kvar skule og barnehage fra Askøy kommune. Etter lov om behandling av personopplysningar legg me ikkje ut namn på Arkivportalen.no.

Skulekontoret/fagavdeling skole
Davanger skole
Erdal Barneskole
Erdal Ungdomsskole
Fauskanger barne- og ungdomsskole
Florvåg skole
Florvåg ungdomsskole
Follese skole
Furuly skole
Hanevik skole
Hanøy skole
Haugland skole
Hetlevik skole
Hop skole
Kleppe skole
Kleppestø barneskole
Kleppestø ungdomsskole
Ravnanger ungdomsskole
Strusshamn skole
Træet skole
Tveit skole
Fagavdeling barnehage
Ask barnehage
Bakarvågen barnehage
Erdal barnehage
Follese barnehage
Florvåg barnehage
Furuly barnehage
Hanøy – forum barnehage
Kleppestø barnehage
Ramsøy barnehage
Træet barnehage
Tveit barnehage

Skrive av Janny Sjåholm og Lars Fivelstad Smaaberg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *