Lov om barnevern

Denne veka er det 66 år sidan lov om barnevern blei vedtatt i 1953. Lova avløyste verjerådslova av 1896, samt føresegn frå pleiebarnslova, forsorgslova, helserådlova og skulelova. Hensikta var å skape tryggare og ryddigare juridiske tilhøve for dei som var påverka av dei ulike lovene. Barnevernslova av 1953 utvida ansvarsområdet til barnevernet til å inkludere barn som levde under forhold som kunne skade utviklinga deira, og ga barnevernet eit generelt ansvar for barn sine oppvekstkår.

Bilete viser eit utdrag frå verjerådslova av 1896. Utdraget gjer klart kva slags barn barnvernet tok seg av.

Den fyrste norske barnevernslova, verjerådslova, blei vedtatt i 1896. Lova var ikkje berre den fyste av sitt slag i Noreg, men òg internasjonalt. Ho gjaldt hovudsakleg barn med åtferdsproblem, og lova sitt viktigaste tiltak var formaning av foreldre som forsømte sine barn, samt omplassering av «sædelig forkomne» barn i fosterfamilie eller barne- eller skuleheim.

Barnevernslova frå 1953 opna derimot for vernetiltak for alle barn under 18 år, når tilhøve barnet levde under var av ein slik karakter at det ikkje kunne gis den omsorg, pleie eller behandling det hadde krav på, eller fordi barnet si manglande tilpassing til omgjevnadane gjorde særskilte tiltak naudsynt. Lova la vekt på førebygging og hjelpetiltak. Barnevernet skulle berre nytta tvang når hjelpetiltaka ikkje førte fram.

Desse prinsippa vart seinare vidareført i lov om barnevernstenester av 1992, som er den gjeldane lova i dag. Den nye lova om barnevernstenestar gjorde rollefordelinga mellom stat, fylkeskommune og kommune tydlegare enn den tidlegare lova av 1953, som var ein av dei viktigaste grunnane til at det blei vedtatt ei ny barnevernslov. Ein anna viktig grunn til at ein vedtok ei ny barnvernslov var ynsket om å klargjere kriteria for når ein kunne nytta tvangstiltak.

Barnevernsstatistikk vart fyst publisert i 1900. Avbilda er eit brev frå Statistisk sentralbyrå som ber Ullensvang verjeråd om å sende inn dokumentasjon.

Fleire arkiv hjå IKA Hordaland kan knytast til barnevern. Me har mellom anna arkiv etter barnevernsnemndene som blei oppretta etter at lova om barnevern av 1953 påbaud kvar kommune å utnemne ei slik nemnd. Dette var ein vidareføring av verjerådet – som me òg har arkiv etter. Vidare har me arkiv etter sjølve barnevernstenesta frå kommunane, samt arkiv etter andre etatar som kan bidra til å belyse barnevernssaker slik som arkiv etter sosialkontor, fattigvesen, helseråd, skular og PPT. I tillegg den kommunale dokumentasjonen me forvaltar kan informasjon om barnevernssaker i nokon tilfelle òg finnast i arkiv hjå fylkesarkivet eller i Arkivverket.

Barnevernssaker inneheld naturlegvis mykje personsensitivt materiale. Klausuleringstida for personsensitivt materiale i barnevernssaker er 100 år jamfør forskrift til forvaltningsloven.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *