Framhaldsskulen

Skulearkiv er eit av dei mange ulike typane arkiv me tek vare på i magasina våre. Nokre av dei eldste skulearkiva er dei etter framhaldsskulane, kalla «fortsettelseskule» før 1946. Framhaldsskulane vaks fram mot slutten av 1800-talet og utover byrjinga av 1900-talet. Saman med realskulen var dei ein forgjengar for det som skulle bli den niårige grunnskulen.

Dei fyrste framhaldsskulane vart oppretta då folkeskulelova frå 1889 vart vedteke. Då vart det opp til kommunane sjølv å avgjere om dei ønskja å etablere framhaldsskular, noko som førte til at fleire kommunar valde å ikkje opprette ein slik institusjon. Framhaldsskulen vart fyrst skipa som eit frivillig, eittårig påbygg til folkeskulen, men vart frå 1946 etablert som obligatorisk skulegang i eit eller to år. Ungdom kunne velje mellom ein meir praktisk framhaldsskule eller ein meir teoretisk middelskule, seinare realskule. I motsetnad til realskulen gav ikkje framhaldsskulen opptak til gymnas, og dermed heller ikkje høgare utdanning etter avslutta gymnas.

Ymse skuleprotokollar frå Askøys sitt arkiv.

Den nye grunnskulelova frå 1969 avvikla framhaldsskulen og realskulen. Då gjekk begge inn i den obligatoriske niårige grunnskulen. Sjølv om framhaldsskulen offisielt vart lagt ned i 1969 heldt nokre framhaldsskular likevel fram med drifta utover 1970-talet. I desse tilfella var det som regel fordi korkje skulen eller kommunen var klare for å utvide skuletilbodet. 

IKA Hordaland tek vare på ein rekke arkiv etter ulike framhaldsskular i fylket. Frå Askøy har me til dømes arkiva etter framhaldsskulane på Herdla og Florvåg. Skulen på Florvåg var ein felles skule for elevar ved både framhaldsskulen og realskulen, og seinare vart den til Florvåg midlartidige ungdomskole. I desse arkiva kan ein finne typisk materiale etter slike institusjonar som karakterprotokollar og fråværsdagbøker, men ein kan også finne andre sakar som arbeidsbøker frå skulekjøkkenet til Herdla framhaldsskule. I dei kan ein lese kven som hadde teke del i undervisninga, kva mat elevane lagde og oppskriftene dei følgde.

Side frå ein arbeidsprotokoll frå Herdla framhaldsskule sitt arkiv. Bilete viser ei liste over elevane som var tilstede den dagen, samt kva dei skulle lage og oppskrifta til det dei skulle lage.

Om me røyrer oss til arkiv frå andre kommunar, til dømes arkiva etter Austrheim, kan me finne anna spanande materiale etter framhaldsskulane. Frå Austrheim tek me vare på arkivsakar frå Årås, Solhaug og Austrheim framhaldsskular. I desse arkiva finn me også karakterprotokollar og fråværsdagbøker, samt ei skuleavis for elevlaget ved Solhaug framhaldsskule på Kaland. I skuleavisa kan ein lese siste nytt frå skulen, dikt og artige historier.

Side frå ein elevavis protokoll frå arkivet etter Solhaug framhaldsskule. Bilete viser ein teikning og tekst.

På Arkivportalen.no kan de sjå kva arkiv me har etter framhaldsskulane i Hordaland, og kva materiale arkiva inneheld. Klikk her for å sjå arkiva etter framhaldsskulane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *