Kontaktkonferansen 2019

I førre veke hadde vi to flotte dagar på Solstrand hotel & bad, kor kontaktkonferansen 2019 gjekk av stabelene. Vi var godt over 70 deltakarar og dei fleste av eigarkommunane våre var representert. Det er utruleg kjekt og samlast slik er nyttig for oss på IKA Hordaland og vi håper det også er ein god møteplass for eigarane våre.  

Dagen starta med IKA Hordaland sine eigne folk, Knut og Helene. Knut presenterte ordningsarbeidet vi på IKA Hordaland gjer for kommunane våre og Helene ga oss eit historisk tilbakeblikk på forholdet mellom sletting og bevaring.

Kristin Fjelberg fortalte vidare om Bergen Byarkiv og deira innføring av nytt sak-arkivsystem i Bergen kommune. Ho delte erfaringar både om kva som hadde fungert og om utfordringar dei hadde hatt knytt til mellom anna det tekniske knytt til integrasjonar, mange fagsystem, standardiseringar. Ho oppsummerte prosjektet så langt med nokre tips til andre som skal igjennom det same;

Henta frå Fjelberg sin presentasjon 17.juni 2019 – for heile sjå pdf under.

Etter lunsj var det Unn Elisabeth Huse sin tur. Ho er byarkivar ved Trondheim Byarkiv og fortale om deira erfaringar knytt til ulike prosjekt, med vekt på digitalisering. Ho poengterte at;

“Digitalisering er løsningen og samarbeid er nøkkelen”

Men dette er ikkje alltid like enkelt å gjere i praksis, mange IKT- prosjekt misslukkast i å oppnå det dei eigentleg ønskjer. Ho fortalte vidare om eiget prosjekt ved Trondheim Byarkiv, med å skile sak og arkiv, og utfordringar knytt til dette og kvifor det ikkje hadde fungert. Ho delte vidare kva Trondheim Byarkiv har lært og dette og korleis dei no skal jobbe i framtida.

Henta frå Huse sin presentasjon 17. juni 2019 – for heile sjå pdf under
Henta frå Huse sin presentasjon 17. juni 2019 – for heile sjå pdf under

Dagen vart avslutta av Hilde Elvine Bjørnå arkivsjef i Arkiv Troms. Ho har vore del av arkivlovutvalet og kom for å snakke om arkivlovutvalet sin NOU 2019:9. Ho trakk fram fleire av endringane det er lagt opp til.

Henta frå Bjørnå sin presentasjon 17.juni 2019 – for heile sjå pdf under

Dagen vart avslutta av ein informasjon og spørsmål/svar runde.

Dag to omhandla i sin heilskap, tema personvern. Advokat Kurt o. Bjørnnes gjekk igjennom viktige aspekt knyta til personvern i offentleg sektor. I tillegg til ein gjennomgang av lovverket knytt til personvern, tok ha opp ei rekk problemstillingar knytt til utfordingar som personvern vs. arkivformål.

Under finn de ei liste over presentasjonar frå fordrag.

Hilde Elvine Bjørnå presnterer NOU 2019:9

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *