Dialekt og stadnamn frå Sund

Dialektane våre er i stadig endring. Måten vi snakkar på blir påverka av og endrar seg i takt med samfunnet. Nye ord og uttrykk ser dagens lys, medan andre viskes ut og forsvinn.

I eit skriv datert 7. mai 1986 frå Sund kulturkontor ble påverknaden frå media og stor tilflytting frå Bergen trekt fram som viktige årsaker til at dialekta på Sotra var i endring.

I frykt for at «saftige og klangrike ord og uttrykk» skulle gå tapt oppfordra kulturkontoret folk til å sende inn sine bidrag med særeigne dialektord frå Sotra. Initiativet kom frå Bjørn Tore Aasheim som allereie hadde starta arbeidet med å samle inn ord og uttrykk.  

Dialektord frå Sotra

I samme arkiveske finn vi også ei oversikt over stadnamn i Sund. Stadnamna er lista opp alfabetisk og til høgre ser vi korleis dei skal uttalast. Heile 7458 stadnamn vart registrert frå Sund kommune.

Stadnamn i Sund

Arkivet etter Sund kulturkontor kan de sjå på Arkivportalen.no her

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *