Frimerke i arkiva

Når vi ryddar og ordnar gamle arkiv finn vi ofte ting som har historisk verdi, men som likevel ikkje er arkivverdige. Blant dette er det store mengder frimerke som kan få ein ny verdi ved at dei vert send til Tubfrim.

Tubfrim vart oppretta som Tuberkulosearbeidet si Frimerkeforretning i 1928 etter initiativ til skipinga frå postmeister Ditlef Frantzen. Føremålet var å samla og omsetja brukte frimerke til tuberkulosearbeid blant barn i Noreg.

Det er òg dagens føremål og det er Nasjonalforeningen for folkehelsa som eig Tubfrim og fordeler overskotet. Overskotet skal i samsvar med vedtektene delast i to delar; den eine delen skal gå til bekjempelse av tuberkulose, medan den andre delen skal brukast til trivselsfremjande tiltak for funksjonshemja born og unge i Noreg.

Tubfrim mottek vel 10 prosent av alle frimerka som vert brukt i Noreg. Vi på IKA Hordaland er glade for å kunna bidra til dette arbeidde!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *