Den tyske invasjonen sett frå arkivet

Skrive av Janny Sjåholm

I dag minnast me 9. april 1940, dagen for den tyske invasjonen av Noreg. Det har gått 79 år sidan invasjonen, som i dag er blitt ein viktig merkedag som markerast over heile landet. Dei fleste kjennar nok til den store historia som blir formidla om 9. april, men det finnast også mindre kjente historier om invasjonen som me kan sjå spor etter i arkivet. 

Det tyske angrepet kom som ei overrasking for Noreg, fordi ingen krigserklæring hadde blitt sendt ut i forkant av angrepet. Noreg hadde i tillegg erklært seg nøytralt året før, slik at sjokket for mange vart enda større morgonen 9. april. Tyske krigsskip inntog norske hamner og tyske fallskjermjegerar landa på norske flyplassar den morgonen. Det er denne hendinga ein i dag markerer, og symboliserer byrjinga på fem år under tysk okkupasjon.

Angrepet mot Noreg vart retta mot fleire store byer, samt byer av strategisk betydning. Til dømes så blei Bergen, Oslo, Stavanger og Kristiansand invadert 9. april. I Hordaland vart det berre Bergen som blei invadert. Det vart likevel ei spent stemning fleire andre stader i området, sjølv om desse ikkje vart invadert. Spor etter denne historia kan me finne i arkiva til IKA Hordaland. I magasina finn ein til dømes arkivet etter Etne kommune sitt formannskap, kor ein kan lese om hendinga knytt til invasjonen.

Møtebøker for Etne formannskap. Foto

I ein av møteprotokollane etter formannskapet vart det den 12. april 1940 innkalla til formannskapsmøte. I tillegg til formannskapet vart lensmannen, heradskasseraren, fattigstyrets formann, forsyningsnemnda sin formann og nestformann til stades. Desse representantane utgjorde til saman kriseadministrasjonen i kommunen. I møtereferatet, ført i pennen av Øystein Grønstad, finn me ein sjeldan beretning meint for ettertida:

Om foranledningen til formannskapets møte nedskrives denne beretning for den som herefter leser denne bok. Fra september maaned 1939 og utover det vært krig mellom Tyskland og Polen. Mellom Tyskland og England og Frankrig og senere mellom Rusland og Finland. Saavel i Etne som ellers i landet blev innsamlet penger og varer til hjelp for Finland. Efter at det var sluttet fred mellom Rusland og Finland blev den norske nøytralitet krenket av de krigførende.

Møtebok for Etne formannskap. Foto

Det er ikkje ofte ein finn slike skildringar, meint for eit anna publikum en dei som skriv møtereferata, men i dette tilfellet kan det sjå ut som om formannskapet i Etne allereie i samtida såg på invasjonen i ein større historisk samanheng.

Vidare fortel Grønstad korleis Etne direkte vart påverka av invasjonen. Som nemnt hadde innbyggarane i Etne samla inn pengar og varar for Finland før Noreg vart invadert. Etter invasjonen, som blei gjort kjent morgonen 9. april over radio, vart telefon, post og telegraf i Etne satt ut av funksjon. I tida som hadde gått sidan invasjonen hadde fleire menneskjer frå større byar, særleg Haugesund, evakuert til Etne. Ikkje berre sivile evakuerte; også militære styrkar leia av Kaptein Anders Ragnvald Westbø drog frå Haugesund til Etne.

Tyskarane gjekk ikkje i land i Haugesund den 9. april, men den 10. april. Likevel var det dramatikk i Haugesund den 9. april. Innbyggarane høyrde smell og skottveksling, og rykte om at byen skulle bombes spreidde seg. Dei norske styrkane i Haugesund, leia av Kaptein Westbø, trakk seg ut av Haugesund for å unngå kampar og bevare byen, samt at dei frykta eit bakhaldsangrep frå tyskarane ved Sandeid. Sivile og militære drog hovudsakleg til Etne, men også områda rundt. I Etne vart dei innkvartert på Rygg skule og Sørbygdas bedehus.

Ein av følgene til denne evakueringa var at spørsmålet om matforsyningar måtte takast opp av kriseadministrasjonen i kommunen. Det kan sjå ut som at aukinga av folk fekk kriseadministrasjonen til  å innsjå alvoret i situasjonen. I følgje møteprotokollen frå 12. april 1940 vart fylket sine overordna myndigheiter satt ut av funksjon. Kriseadministrasjonen gjekk derimot saman med dei andre kommunane i Sunnhordaland om å dele kornlageret på Stord mellom seg, etter innbyggartala i kommunane. Kriseadministrasjonen skulle også få tak i kraftfôr, slik at dei kunne ruste seg til vanskelege tider framover.

Møtebok for Etne formannskap. Foto

Arkivet etter Etne formannskap kan de sjå på Arkivportalen.no her.

Denne historia er berre ei av mange som ein kan finn i magasina til IKA Hordaland. Me arbeider for å ta vare på verdifullt arkivmateriale, sikre det som informasjonskjelder for samtid og ettertid, og for å gjere det tilgjengeleg for offentleg verksemd, forsking og andre administrative og kulturelle formål jf. lov om arkiv §6.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *