Praksis i arbeidslivet

I år har vi for fyrste gong studentar frå Universitetet i Bergen på praksisplass hjå oss. Dei tar emnet Praksis i arbeidslivet som skal gi studentar arbeidserfaring gjennom deltaking i arbeidsoppgåver som er knytt til deira faglege kompetanse. Faget er knytta til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionvitenskap, og er eit 15 studiepoengs emne.

Theresa Rosell-Helland og Bengt Helland Eliassen har begge mastergrad i historie frå Universitetet i Bergen.

I tida dei har vore hjå oss har dei mellom anna deltatt på kurs i gotisk skrift på Statsarkivet i Bergen, vore med på synfaring og kartlegging av arkivskaparar i Stord kommune og ordna og katalogisert arkivet etter Sotrabrua. Dei har vore med på oppstilling av ferdig ordna arkiv, skrive historikkar og registrert inn katalogane etter dei historiske kommunane Kinsarvik og Røldal i ASTA.

Arkivet etter Sotrabrua AS som dei no har ordna kan de sjå på Arkivportalen.no her.

Bergen Byarkiv har hatt studentar i praksis hos seg i tre år og har gitt gode tilbakemeldingar. Alle studentane som har hatt praksisplass på Bergen Byarkiv dei siste åra har seinare fått jobb hjå oss på IKA Hordaland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *