Personvern i arkivtenesta

Då den nye personopplysningslova trådde i kraft i juli 2018 blei dei registrertes rettar styrkt, og krava for dei som handsamar opplysningane skjerpa. Personvernsomgrepet refererer ikkje berre til vernet av freden til privatlivet og den enkeltes personlege integritet. Omgrepet inneber i stor grad òg vern av retten til einskildpersonar til å ha innverknad på bruk og spreiing av personopplysingar om seg sjølv. Vi skal i størst mogleg grad kunna avgjera handsaming av eigne personopplysiingar. Vi skal ha rett til å få opplysingar sletta, retta og minimerte som eit standardprinsipp. Kordan desse prinsippa påverkar arkivarbeidet vil vera ekstremt viktig for trygginga av  «arkiv som har monaleg kulturelt eller forskingsmessig verde eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, slik at desse kan verta tekne vara på og gjorde tilgjengelege for ettertida» slik den vert beskriven i § 1 i lov om arkiv.

 

Enhver har rett til respekt for sitt privatliv og familieliv, sitt hjem og sin korrespondanse.

– EMK artikkel 8

Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å avgjera over eigne personopplysningar. Alle menneske har ein ukrenkelig egenverdi. Som einskildmenneske har du difor rett på ein privat sfære som du sjølv kontrollerer, der du kan handla fritt utan tvang eller innblanding frå staten eller andre menneske.

Føremålet med innføringa av skjerpte krav til personvern slik dei er skildra i den nye personopplysningslova, er med på å skape eit samfunn med fridom, tryggleik og rettferd i den vidaste forstanden til omgrepa. Den teknologiske utviklinga har bidrege til å skape uvisse med omsyn til den faktiske fridomen vår, definert som det motsette av å kontrollerast, tvinga eller herska over. Oppgåva vår innan arkivfeltet vert då å få dette kravet til å verta tilpasa arkivplikta.

Vi på IKA Hordaland kan bistå i arbeid og spørsmål kring dei særskilde rettane og pliktene som følgjer av GDPR for den kommunale arkivtenesta.

Ta då kontakt med vårt personvernombod; Helene Reksten på helene.reksten@ikah.no eller på telefon 945 25 520.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *