Fagsamling 23. januar

Den 23. januar inviterer vi på IKA Hordaland kommunane som skal slå seg saman på ei fagsamling hos oss. I den siste tida har det skjedd ein del endringar hjå IKA Hordaland, derfor vil vi i fyrste halvdel gje informasjon som er viktig at kommunane får med seg.

I del to vil vi fokusere på problemstillingar knytt til etablering av ny kommune.  Kva er status? Korleis er dette løyst hos dei einskilde kommunane og kva for problem har den einskilde?

Samlinga vert avslutta med ein open spørsmålsrunde. Vi tilrår likevel at om ein har konkrete spørsmål, så send dei gjerne inn på førehand, slik at vi får førebudd gode svar!

Program og påmelding finn du her.

Vel møtt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *