Prosjektstøtte til IKA Hordaland

Kvart år deler Riksarkivaren ut prosjekt- og utviklingsmiddel til arkiv.

I 2018 er midlane særleg prioritert for aktivitetar som er knytt til digital material og/eller til digital tilgjengeleggjering, tilrettelegging for synlegare, enklare og meir effektiv formidling og forsking, eit av krava var òg at prosjekta kjem mange til gode og fremjar samarbeid og heilskap, er nytenkjande og/eller tek i bruk ny teknologi.

For digitaliseringsprosjekter i kommunal sektor fekk vi på IKA Hordaland tildelt kr 100 000,- for prosjektet vårt med å digitalisera rettsdokumentasjon i samsvar med krava i GDPR.
Hovudkonklusjonen etter vår interne DPIA (Data Protection Impact Assessment) var at personregistera vi allereie har i depot ikkje lev opp til dagens lovmessige krav slik dei vert skildra i den nye personopplysingslova. Vi ynskjer på bakgrunn av denne interne risikovurderinga, og dessutan kjennskap til arkivfeltet, å gjennomføra eit prosjekt der vi risikovurderer, ordnar og listefører allereie bortsette personregisterarkiv i depot i samsvar med dagens krav frå arkivverket og den nye personopplysningsloven.

Målet med prosjektet er å sitja igjen med ein arbeidsmetodikk og få ein analyse over kostnader som kan nyttast som mal for liknande arbeid for heile arkivfeltet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *