Besøk på IKA Kongsberg

På tysdag var Anita på besøk hjå IKA Kongsberg for å få nærare kunnskap om korleis dei jobbar med digitalisering av eigarane sine arkiv. IKA Kongsberg har fleire tenester knytt til digitalisering, til dømes digitaliserer dei møtebøker som publikum kan sjå nærare på, både på heimesida til IKA Kongsberg og på Digitalarkivet. Dei digitaliserer også store mengder byggesaksarkiv for eigarane sine.

Vi har no fått gode råd, praktisk og teknisk informasjon om korleis denne type digitalisering kan gjennomførast på best mogleg måte, og korleis dette kan vere ein god og effektiv måte å hjelpe kommunane i digitaliseringsarbeidet.

Dette  arbeidet blir vikitg framover og IKA Hordaland må finne gode løysningar for våre eigarar, ved å besøke andre (og særleg andre IKA’er) får vi nyttig kunnskap om erfaringar andre har gjort seg i dette arbeidet.

Tusen takk til Bjørn Ole Hovda og Thomas Monrad Hansen for ein særs interessant dag hjå dykk!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *