Digitalisering av eigedomsarkiv

Den 25. oktober vitja vi Geomatikk IKT for å sjå korleis dei arbeider med å digitalisere eigedomsarkiv – blant anna for nokre av eigarkommunane våre. Avdelingsleiar Stian Elvetun synte oss deira lokale i Trondheim og vi fekk ein orientering om korleis arkiva vert digitalisert hjå dei.

Det var interessant å sjå korleis dei har effektivisert arbeidet med digitalisering. Vi fekk ein demonstasjon av korleis dei har utvikla verktøy som automatisk kjenner att skanna materiale og tildeler kategoriar etter førehandsdefinerte kriteria. Mellom anna OCR-les dei dokumenta dei skannar og programvaren kjenner automatisk att tekst og bakgrunnsfarge og bereknar kva som er søknadar, målebrev og teikningar. Tidlegare har Geomatikk IKT blant anna skanna byggesaksarkiv frå Askøy kommune. No har Askøy avlevert Plan-, Oppmålings- og Delingsarkiva, og det var i samband med det at vi ynskja å orientere oss kring tenestene Geomatikk IKT kan levere.

 Vi vart tryggja om at arkiva dei digitaliserer på vegne av våre kommunar vert godt handsama hjå dei.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *