eKommune 2018

Denne veka deltek to av våre tilsette eKommune konferanse på Gardermoen.

Dette er ein årleg møteplass for alle som er opptekne av digitalisering i den kommunale sektoren og blir arrangert av KS Agenda. Hovudfokuset i år er teknologi og nyskaping i praksis, det vil seie automatisering, kunstig intelligens og robot-teknologi. Fleire av foredraga har fokus på korleis me best jobbar saman i ein digital kvardag, mellom anna med fokus på dei digitale truslane som finst.

IKA Hordaland sine representantar skal mellom anna delta på brukermøte om SvarUt som vi nytter til dagleg, og vi skal få med oss ei grundig innføring i informasjonstryggleik i samband med personvern.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *