50.000 registrerte mapper

I dag markerer IKA Hordaland 50.000 registrerte mapper i ASTA for i år, fordelt mellom dei 962 arkiva me forvaltar. Ved å mapperegistrere arkivstykka kommunane deponerer hjå oss, sikrar vi arkivskapar naudsynt kontroll og oversyn over dei avleverte arkiva. Grundig registrering er vidare ein føresetnad for at vi som arbeider ved IKA Hordaland, eigarkommunane våre og publikum som leiter fram informasjon gjennom Arkivportalen skal kunne finne fram i arkiva på ein effektiv måte.

Mapperegistrering for oss betyr at innhaldet i enkeltmapper er registrerte i katalogen i tillegg til ei skildring av innhaldet på stykke-, serie- og arkivnivå. Gode registreringar på mappenivå gjer at manuell leiting etter arkivmateriale tek kortare tid.

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *