Besøk og seminar på Kongsberg

Dei to siste dagane har Helene Reksten vore på besøk hjå June Wahl og IKA Kongsberg, saman med Åsta Vadset frå IKA Møre og Romsdal.

Føremålet med besøket er å sjå korleis andre arkivinstitusjonar arbeidder med dokumentasjon av rettar til innbyggjarane sine og utveksle erfaring oss IKAer i mellom. Vi har mellom anna fått omvisning i IKA Kongsbarg sine lokaler og hatt gode diskusjonar i gruppa om korleis dei forksjellige arkivinstitusjonane jobbar med sine arkiv knytt til dokumentasjon av innbygjarane sine rettar.

Dette er viktig, for i samband med den nye personopplysingslova treng IKA Hordaland nye rutinar i vår handsaming av personregistra vi har hjå oss. I det handsaminga skal tilpassast lova er det mykje å ta omsyn til, men samstundes er det fleire forskjellige løysingar å velje.

Vi ønskjer å ha eit godt fundament for å kunne vere trygge på at me har valt den best moglege handsaminga, i det vi seier oss ferdig ferdig med dei nye rutinene.

Vi IKAene har dei same utfordringane i tida framover og då er det greitt å kunne lære av kvarandre og få eit innblikk i andre måter å gjere ting på enn dei vi sjølv har valt. Samstundes har vi ved IKA Hordaland nytta SvarUt ved alle ekspederingar av personmapper ei lita stund allereie og har difor erfaringar å dele med dei andre omkring denne tenesta.

Slike samarbeid mellom forskjellige kommunale arkivinstitusjoner er viktig, då det styrker den samla arkivfaglige kompetansen.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *