Kvifor vi har fått eit personvernombod!

I juni fekk IKA Hordaland for fyrste gong eit personvernombod. I teksten under forklarer vi kvifor vi no har valt å ha eit personvernombod og korleis vi gjekk fram for å svare på krava ein i dag set til eit slikt ombod.

IKA Hordaland handsamar dagleg store mengder personopplysningar. Dei nye tryggleikskrava gjer at denne handsaminga oftare reiser spørsmål som; har vi lov til dette? Er dette ein sikker fremgangsmåte? Av og til oppdagar ein også feil.

I slike situasjonar kan verksemda, som behandlingsansvarlig, henvenda seg til Datatilsynet for å få hjelp. Men for mange verksemder kan det vera ei betre løysing å ha eit eige personvernsombod. Fordi dette skal vere ein ressursperson som kjenner verksemda og kva føremål som ligg til grunn for handsaminga av personopplysningar i organisasjonen. I tillegg til å ha innsikt i kva for rutinar og metodar som vert nytta og kva for handsamingssystem som er innført.

Ombodet vil raskt og presist kunne handtera problemstillingar som måtte oppstå. Ikkje minst vil personvernsombodet både innover i verksemda og utover framstå som ein fagperson med spesialkompetanse, som kan hjelpe i til dømes opplæring og klagesaksarbeid, og til utforming av dei daglege rutinane. Datatilsynet tilrår at verksemdene tilsett eigne ombod, dersom det lar seg gjere. Ika Hordaland valde difor å følgje den tilråinga, då vi ønskjer å vere optimale i vår handsaming, også av personopplysningar.

Vår løysning på nye krav

I samband med implementeringa av EU si nye personvernforordning vart det difor bestemt at IKA Hordaland ønskte å styrke kunnskapen på dette området. Rådgjevar med ansvar for fagområdet «rettigheitsdokumentasjon», Helene Reksten, deltok difor på BI- kurset “Personvern og GDPR”.

Kurset på Handelshøgskulen BI skal «gjere deg rusta til å handtera dei nye krava i praksis og starta arbeidet med å implementera naudsynte organisatoriske endringar», og det er utvikla i nært samarbeidd med Datatilsynet.

Kurset er på 7,5 studiepoeng og har vorte gjennomført med blanda undervising, som er ein kombinasjon av samlingar på BI Nydalen, webinar og læringsaktivitetar på nett. Noko som har gjort det mogleg å kombinera studiumet med jobb.

Dette har innverknad både for offentleg og privat sektor fordi forordninga skjerpar krava til korleis persondata vert handsama og verna. Alle som handsamar personopplysningar får eit større ansvar for personvern. Det vert stilt store krav til korleis personvern vert innført som standard i alle delar av verksemda og at ein har kvalitetskontroll og rutinar for handtering av avvik.

Dei nye reglane inneber blant anna at det skal gjerast tekniske og organisatoriske tiltak for å verne personlege data mot ulovleg bruk og uautorisert tilgjenge.

Innarbeidinga av dei nye krava til personvern må difor vera ein del av både strategiarbeidet og den daglege drifta ved at det vert utarbeidt retningsliner og system som innfrir krava i alle ledd og nivå.

Både offentlege styresmakter og private verksemder skal dokumentera korleis personopplysningar vert lovleg handtert i organisasjonane deira, og det er opna for særs strenge sanksjonar for dei som ikkje følgjer regelverket. Manglande oppfølging av personvern kan verta kostbart både økonomisk og omdømmemessig. Samstundes gjev det høve å gjera godt personvern til eit konkurransefortrinn.

For alle offentlege styresmakter og svært mange private verksemder tyder forordningen at det skal utpeikast eit personvernsombod. Det vert stilt krav til kompetanse hos personvernsombodet og kva for ansvarsområde denne har i organisasjonen. Kurset Personvern og GDPR kvalifiserer også til jobb som Personvernsombod.

Sensuren fall 27.06.2018 og eksamensoppgåva har vorte vurdert til framifrå/eineståande. Vidare visar dei kvalitative skildringane av vurderingskriteria til «ein prestasjon som klårt utmerkar seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende».

Med dei attestane stolar vi på at personregistera som er deponerte hjå oss får den tryggaste handsaminga loven krev.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *