Skuleturne i Meland kommune

20161005_113056

Sortering godt i gang!

Dei to siste dagane har vi vore på «skuleturné» i Meland kommune. I samband med eit deponeringsprosjekt har IKAH besøkt grunnskulane i kommunen. I går var vi innom Sagstad skule og Rossland skule og i dag var vi hjå Meland Ungdomskule og Vestbygd skule.

Målet er at skulane skal få deponert alt arkivmaterialet frå ca. 1965 fram til 1999, då kommunen oppretta eit sentralarkiv. Dei tilsette på skulane hadde gjort ein god jobb på førehand med å finne fram arkiva og nokon hadde starta så smått med ordning. I tillegg hadde tidlegare rekor, Arnt Brakstad laga ei god kartlegging over omfanget hjå dei einskilde skulane.

 

20161004_125031

Mange tema som vert dokumentert i eit skulearkiv!

IKAH si oppgåve har vore å rettleie og kurs skulane i arbeidet med å førebu arkivet for deponering til oss. Det er ikkje ofte vi på IKAH besøker skular direkte, så det var utruleg kjekt å få kome på besøk og diskutere arkiv og høyre korleis stoa er i dei «ytre einingane». Sjølv om mange slit med knappe ressursar har vi på alle skulane blitt møtt med stort pågangsmot og godt humør, med så flinke folk er vi sikre på at det vert eit bra resultat!

hus1

Meland ungdomskule. Vi kan ikkje klage på været!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *