Sund kommune teiknar viktig avtale

Sund kommune er ein av tre kommunar som vert nedlagt som arkivskapar og går saman og vert til nye Øygarden kommune frå 2020. Som ein del av arbeidet med kommunereforma samt å avslutte arkiva i den noverande kommunen har Sund teikna ein oppdragsavtale som skal syte for at arkiva vert sikra, ordna og registert samt klargjort for digital tilbakelevering ved behov. Slik skal ein sikre at innbyggjarane i den gamle Sund kommunen si forvaltningshistorie samt viktige dokument, ikkje forsvinn i omorganiseringa som føl av kommunereforma. Arkiva vil i etterkant vere registert og tilgjengelege via ei portalløysing kor både forvaltninga og publikum kan bestille tilbake digitale kopier.

img_3080

Ein glad arkivleiar i Sund Eva Marit Telle Hamre!

Sund er den fyrste kommunen i Hordaland som teiknar ei slik avtale. Ordningsprosjektet omfattar om lag 225 meter arkiv og hadde oppstart denne månaden. Arbeidet strekk seg over to år og er planlagt ferdigstilt hausten 2018.  Vi på IKAH lyt få lov til å berømme arkivleiaren, administrasjonen og politikarane i Sund for å ha teke grep for både å bevare Sund kommune si historie, og ikkje minst for å sikre at rettene til innbyggjarane er trygga for ettertida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *