Møte om kommunereform i Fitjar og Stord!

I går besøkte vi Fitjar kommune for å diskutere korleis ein kan førebu seg til kommunereforma. Stord og Fitjar har no signert ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing og tok i samband med dette initiativ til eit møte med IKAH.

Vi hadde samtalar både med representantar frå teknisk sektor og arkivleiarane i kommunane, Bente Fitjar og Elin Ravnskog. Det var særleg utfordringar kring  arkiv, digitale prosessar og IT inn mot ein ny kommune som vart diskutert.

I tillegg vart det tid til ein prat både med ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll og assisterande Rådmann Andreas Moe Larsen kring dei digitale utfordringane i ein samanslåingsprosess.

Ein ting er sikkert her gjeld det å henge med og vere godt førebudd!IMG_27921 IMG_27951

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *