Vi lagar ny strategi!

IKAH sitt styre starta den 19. januar arbeidet med å stake ut kursen for dei kommande fire åra. Utfordringane er mange, så her lyt ein tenkje smart og sikte høgt for å lande med begge beina støtt på bakken.

Samlinga var lagt til vinterlege omgjevnader på Myrkdalen Hotell, i Voss kommune. Etter endt seminar var det fleire av styremedlemmene som staka ut kursen vidare i alpinbakken.

Om nokon har gode idear eller innspel til den nye strategien er ein hjarteleg velkommen til å ta kontakt med IKAH.

Strategi 2

Kvar skal IKAH ta vegen?

Strategi 1

Styret klar for å stake ut ein ny kurs!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *