Frå uløyst gåte til spennande historie

I samband med markeringa av Arkivdagen i Knarvik 7. november, tok vi med oss kopiar av arkivstykker som vart laminert. Dette vart populært og det var særleg ein ting som fekk mykje merksemd. Nemleg eit foto av eit skulekorps.

Avis del 1

Vi hadde lite informasjon om bilde, det vart funne laust i ei mappe frå Austerheim formannskap, utan sakstittel og datering og var soleis eit stort mysterium. Heldigvis møtte vi stort engasjement i Knarvik og folk var særs interessert. Det vart både diskusjonar på staden og folk tilbydde seg å nøste opp i saka.

Vi var også heldige å fekk besøk av avisa Nordhordland, som laga ei sak om det mystiske bilde. Og for eit overveldande svar vi fekk! Ein lesar av avisa, Rolf Eriksen, ga oss fantastisk informasjon om bilde. Slik at vi no veit kven som er på bilde, kvifor og historia bak sjølve bilde og korpset.

Denne saka viser kor viktig det er å inkludere innbyggjarane i ein kommune, dei sit på viktig og unik kunnskap om historia og kan fylle ut hol i eigen historie. Denne type informasjon forsvinn raskt og vi er derfor særs glade for all informasjon vi får som til dømes om dette bilde.

Det viser seg at bilde er av medlemmane av Austrheim Skulekorps og er truleg tatt i 1957/58. Skulekorpset starta i 1956 og er det eldste skulekorpset i Nordhordland. Vil du vite meir om korpset og kven som er avbilda kan du lese om saka i  denne artikkelen i avisa Nordhordland

 

Skulekorps

Skulekorpset på Austrheim 1957/58 (Arkivreferanse: Austrheim/021/Ya.1). Bak frå høgre: Tromme: Egil Otto Lone, stortromme: Inge Langøy, Alfhild Leikvoll, Laila Hopland, Atle Lyslo, bass: Roald Vikane Andre rekke frå høgre: Trompet, Ernst Olsen, Solveig Haugen, althorn: Malvin Straume (avdød) Toe Lærøy, Norlaug Sætre, Trygve Gjerde, Rolf Eriksen og Laila Bersvik. Framme frå høgre: kornett: Helene Hevrøy, kornett: Bernhard Austrheim, klarinettar: Ingeborg Daae (død), Marit Sætre og Gunnvor Storheim.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *