Husmorvikar – eit viktig sosialt veldferdstiltak

 

Ordninga med husmorvikarar var eit sosialt velferdstiltak som i all hovudsak vart satt i gang rett etter 2.verdskrig, sjølv om blant andre «Norges Husmorforbund» aktivt gjekk inn for å få på plass ordninga allereie før krigen. Etter krigen var samfunnet forandra, noko som fekk implikasjonar også for husmødrene. Tida var prega av blant anna store barnekull og ein voksande og meir regulert arbeidsmarknaden. Tidlegare kunne dei fleste rekne med å få hjelp av andre familiemedlemmar eller rimeleg hushjelp om ein vart råka av sjukdom eller andre kriser. Dette vart mykje vanskelegare etter krigen, og fleire familiar sleit med å få kvardagen til å gå i hop. Denne utviklinga bekymra fleire og særleg kvinneorganisasjonane ønskte å sette desse problemstillingane på dagsorden. Dei var inspirerte av liknande føretak i Sverige og ønskte den same praksisen i Noreg.

Annonse frå 1953. Fitjar kommune søker husmorvikarar (Ark.ref. Fitjar/317/Da.1)

Den 7. februar 1947 oppnemnte sosialdepartementet ved kgl.res. «Husmorvikarkomiteen». Departementet ønskte at komiteen skulle finne ut om det var nødvendig å innføre «Husmorvikarar» i Noreg. Komiteen var særleg bekymra over situasjonen til «ubemidlede hjem» og meinte at det var ein nødvendighet å «tilrettelegge [for] en ny sosial sektor i samfunnet». Dei poengterte vidare at dette både var til nytte for samfunnet, den einskilde heimen/ familien og sjølvsagt borna. Dei tilrådde difor å opprette nemnder i kvar kommune, som skulle organiserast med tilskot frå staten. Allereie året etter var dette på plass. Konsekvensane av økonomisk hjelp frå staten gjorde at dei fleste kommunane no oppretta «Husmorvikarnemnder» og i 1949 fastsette Sosialdepartementet ein normalplan for nemnda si verksemd, som skulle vere eit rådgjevande organ for kommunen i alle spørsmål vedkomande husmorvikarane og deira verksemd.

Den overordna oppgåva og ideen bak husmorvikaren var, i ordet si bokstavlege tyding, nettopp å vere ei vikar for husmødrene. Poenget var å hjelpe vanskelegstilte familiar, ved å utføre dei oppgåvene husmødrene vanlegvis tok seg av. Oppgåvene til husmorvikarane kunne nok variere frå kommune til kommune og frå familie til familie. Under kan du sjå eit døme på føresegna for husmorvikarane i gamle Bremnes kommune.

Regleverket var nok relativt likt for Husmorvikarane. Her er føresegna for Bremnes kommune (Ark.ref. Bremnes/317/Da.1)

Kommunane måtte søke staten om tilskot for husmorvikarane. Her eit døme frå Fitjar (Ark.ref. Fitjar/317/Da.1) .

 

Husmorvikarane var eit viktig sosialt tilbod frå kommunane. På 1970-talet endra ordninga seg og det vart retta eit større fokus mot eldre og familiar med store sosiale problem. På 1980-talet forsvinn nemninga ut av kommunane si organisering. Men den dag i dag tilbyr kommunane mange av dei tenestene Husmorvikaren tidlegare utførte, sjølv om det i dag er organisert på ein anna måte.

I IKAH sitt depot har vi mykje arkiv frå desse nemndene, både retningslinjer, forskrifter, timelister, statestikkar, årsmeldingar og skildringar av arbeidet Husmorvikarane gjorde rundt om i Hordaland. Dette er spennande lesing og ein får eit unikt innblikk i ein lite belyst del av norsk samfunnshistorie. Sjølv om husmorvikaren vart innført i dei fleste kommunane kan vi likevel sjå at det må ha vore ein kamp å vinne fram. Mange meinte at ein problematiserte for mykje og kunne ikkje skjønne kvifor dette skulle vere eit problem. Husmødrer hadde jo alltid eksistert og kvifor skulle ikkje husmødrene i dag klare seg når ein alltid hadde klart seg i «gamle dagar». «Er kvinner i dag late?» kan vi lese i arkivet. Sjølv om saka vart møtt med motbør vann saka likevel fram og ein artig kuriositet er ein song funne i arkivet etter Lindås Husmorvikarnemnd. Songen er skrive av departementet sitt “Husmorvikarraad” i samband med felles møte for alle husmorvikarnemndene i Hordaland. Les og syng med!

Arkivreferanse : Arkiv frå fleire kommunale Husmorvikarnemnder (317/Da.)

Kjelder: wikipedia og Mykland & Masdalen “Administrasjonshistorie og arkivkunnskap”

Sang 1 Sang 2

4 thoughts on “Husmorvikar – eit viktig sosialt veldferdstiltak

  1. Elsa Stiansen Burkeland

    Fikk hjelp av ordninga sjøl mellom 1962 og 1965. Det var ikke for de som ikke hadde barn fra før. Det var og for mødre som ble syke. Men det var veldig kortvarig hjelp, fra noen dager til ti. Mennene måtte jo gå i jobb, hadde ikke rett på fri. Var en fin ordning, men var begrenset ,hva hjelpen kunne være. Bodde på gard, og når vikaren gikk var det ikke mer hjelp å få. Han måtte stelle dyr og hugge ved m.a. Men det var en bra ordning. Men store barnekull var nå,helst i 1946-47. Og før krigen var ikke barnekulla store, men hjelpemidla i huset få.

    Svar
    • Anita Post author

      Interessant og takk for informasjon! Eg leste i arkivet at ein sjølv måtte søke om husmorvikar og fekk “tildelt” maks to veker, men eg veit ikkje om dette var praksis for alle kommunane.

      Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *