Overformynderiet – eit gamalt samfunnsoppdrag

Interkommunalt arkiv i Hordaland tek i desse dagar i mot dei avslutta arkiva etter dei kommunale overformynderia.

Overformynderia har hatt som oppgåve å sørgje for å forvalte formuar som tilhøyrar mindreårige, umyndige vaksne eller fråverande vaksne og barn. Overformynderia har óg hatt som oppgåve å rekruttere verjer, hjelpeverjer og setteverjer og å føre tilsyn med desse.

Verjeinstituttet er ein gamal samfunnsoppgåve som ein kan spore langt tilbake i tid. Korleis styresmaktene har organisert verjeordninga har variert. Dei eldste forordningane om eit overformynderi kom tidleg på 1600-tallet og gjaldt bare dei norske byane. Overformynderansvaret vart lagt til magistraten, som var ein statleg embetsmann. Først på 1770-tallet fekk landdistrikta etablert ein tilsvarande ordning som då eksisterte i byane. Overformynderansvaret i landdistrikta vart lagt til sorenskriveren, også han ein statleg embetsmann.

Då formannskapsloven kom i 1837, vart overformynderiet ei kommunal oppgåve i byane. Formannskapet skulle saman med Magistraten utnemne to overformyndarar. I landdistrikta fortsatte den gamle organisering. I 1857 kom ein ny lov som gjorde at verjeordninga i landdistrikta skulle bli lik den ordninga som byane hadde. Frå 1859 var det lik organisering både i byane og på landet.

I 1927 kom verjemålslova. Overformynderiet blei då ei rein kommunal oppgåve. Kvar kommune skulle oppnemne to overformyndarar til det kommunale vervet, som varte i fire år. Den eine av dei to overformynderne skulle vere forretningsførande, medan den andre skulle ha kontrollerande ansvar. Formannskapet hadde, saman med Fylkesmannen, kontrollfunksjon ovanfor overformynderne.

Verjemålsloven fra 1927 har vore gjeldene lov heilt fram til ny verjemålslov vart vedtatt i 2010. Det var fleire moment som førde til at ein fekk ei ny verjemålslov. Hovedformålet var å få til lik verjepraksis i kommunane. Den nye lova skulle også auke rettstryggleiken og kvaliteten i forvaltninga. Den største endringa som fulgte var at Fylkesmannen blei ny verjemålsforvaltar. Den 1. juli 2013 overtok Fylkesmannen ansvaret frå kommunane. Dei kommunale overformynderia blei samstundes lagt ned og er dermed historiske organ. Dette betyr at kommunane skal avslutte arkiva etter overformynderia og overføre dei til depot.

Bømlo

Dette er ei skanna side frå møte i 1859 hjå Bømlo Overformynderi, og er noko av det eldste arkivmaterialet frå Overformynderiet vi har i vårt depot (1219/812/Aaa.1).

 

Kva inneheld arkiva?

Interkommunalt arkiv i Hordaland har tatt inn materiale frå dei kommunale overformynderia i fleire omganger. Enkelte kommunar har arkivmateriale frå overformynderia som går tilbake til slutten av 1850-tallet. Arkiva til dei kommunale overformynderia inneheld naturlig nok mykje rekneskapsmateriale. Styresmaktene har gitt forordningar om kva arkiva skulle innehalde, og sentralt i arkiva er dei såkalla hovudrullane. I desse protokollane blei myndlingane ført inn, ei protokollside for kvar myndling, og formua blei nøyaktig notert ned. Myndlingar med noko mindre formuer blei førd inn i dei såkalte mindre rullane, eller lille rulle. Desse formuane var ikkje underlagt like streng forvaltningspraksis som dei formuane som blei førd inn i hovudrullane.

I tillegg til hovedrullane og dei mindre rullane, innehelder arkiva etter dei kommunale overformynderia blant anna klientarkiv, møteprotokoller, uskiftebøker, avgangslister og andre typer rekneskapsbøker.

Det nyaste arkivmaterialet frå overformynderia er i likhet med dei eldste delane i stor grad rekneskapsmessige dokumenter. Mykje av det materialet som blir innlevert til depot nå er klientarkiv. I tillegg er det møtebøker og årsoppgåver for overformynderia. Det er i liten grad skilt ut eit eige saksarkiv for overformynderia ettersom dokumenta i all hovudsak er ordna i klientmapper.

Noko av materialet i arkivet er rekneskapsbilag. Dette er arkivmateriale som kan, når det er ti år gamalt, bli gjenstand for ei kassasjonsvurdering. Materiale som ikkje kan kasserast er bevaringsverdig. Dette materialet skal stå i depot og tas vare på for framtida.

 

Omlegging av verjemålsansvaret – frå kommunal til statleg oppgåve igjen

I samband med at kommunane ikkje lenger har verjeansvaret, skal dei kommunale arkiva bli pakka ned og levert til depot. For dei fleste kommunane i Hordaland inneber dette at arkiva blir oversendt til depot hos IKAH.

Ein del kommunar har alt fullført arbeidet med å ordne arkivet og sendt det til depot hos IKAH. Andre kommunar heldt på med dette arbeidet nå og vil venteleg vere ferdige med ordningsarbeidet i løpet av hausten 2015. Dei kommunane som ikkje har hatt mogelegheit til å ferdigstille ordninga av arkiva, vil få tildelt tid for avlevering av IKAH på eit seinare tidspunkt.

ruller

Døme på protokollar, her dei så kalla rullene, som blant anna inneheld informasjon om myndlingane, verje, formue osb.

Kva skjer med arkiva nå?

IKAH registererer alt arkivmateriale, som blir levert inn til depot, i ASTA . IKAH går gjennom avleveringslistene som kommunane har utarbeida og kontrollerer at desse stemmer med det som faktisk blir avlevert. Når avleveringane frå kommunane er godkjende frå IKAH si side, får kommunane ei kvittering på godkjent avlevering av arkivmateriale. Endestoppet til arkivmaterialet er IKAH sine arkivlokaler kor materialet er sikra for ettertida.

Arkiva etter dei kommunale overformynderia har ei generell sperrefrist på 60 år etter forvaltningslova § 13 c. Arkivene skal, for dei det gjeld, dokumentere rettskrav og syne korleis kommunen har forvalta verjemåla.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *