Vi har fått ny medarbeidar!

Denne veka byrja Irene Valvik Vågen å jobbe for oss. Ho skal vere vikar for Lill Tåve og har lang erfaring innanfor arkivarbeid. Irene var ferdig med hovedfag i historie i 2002 og ho har både jobba på Bergen Byarkiv, Statsarkivet i Bergen og ved Helse Vest i Stavanger.

Det passa derfor bra at Kvinnherad kommune avleverte over 200 hm med arkiv til depot hjå IKAH denne veka. Inge og Irene er allereie i full gang med å stille arkivet opp.

Vi ønskjer Irene hjarteleg velkommen til oss!

DSC_0019

One thought on “Vi har fått ny medarbeidar!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *