Forsyningsnemnda 75 år

Den 25. august 1939 vart lov av 9. juni om Forsyningsnemnder satt i kraft ved kongeleg resolusjon. Den sa at alle kommunar skulle opprette ei forsyningsnemnd (§1) og at dei i tillegg kunne opprette særnemnder som skulle organisere nokre av forsyningsnemndene sine oppgåver (t.d. rasjonering, vedforsyning). Kommunestyra fekk i oppgåve å tilsette ein leiar for forsyningsnemnda. Denne personen skulle stå for den daglege drifta av nemnda, som rekneskap og kontorarbeid.

Forsyningsnemndene sine primære oppgåver var å sikre forsyninga av dei mest naudsynte forbruksvarene til innbyggjarane, som til dømes matvarer, brensel og drivstoff. Nemndene førte blant anna tilsyn for å kontrollere at føresegna for rasjoneringa var følgt. Dei delte ut rasjoneringar (som t.d. rasjoneringskort), skreiv daglister for å ha kontroll over forbruket og rapportar vidare til myndigheitene. Nemndene hadde plikt til å overta omsetninga av varer som ikkje kunne sikrast gjennom den ordinære omsettinga.

20140826132417890_0001 20140826112936945_0001

Arkivmaterialet

Det finst eit omfattande og spanande arkivmateriale frå forsyningsnemndene i Hordaland i IKAH sitt depot. Vi har blant anna protokollar journalar, kopibøker, korrespondansar, saksarkiv, rekneskap, daglister (utdelte rasjoneringskort, lister over varer, søknader frå innbyggjarane osb. I arkivet frå Samnanger kommune dukka det opp eit særs interessant skriv. Tomas Isene som jobba i Samnanger forsyningsnemnd under heile krigen har skrive historia om Samnanger si forsyningsnemnd, som varte frå 1939 til 1952. Dette er ei interessant og personleg historie om nemnda og korleis ho utvikla seg undervegs i krigsåra (les historia Samnanger forsyningsnemnd).

20140826112608308_0002

Forsyningsnemndene sitt arkivmateriale gjev oss ei unikt innblikk i folk sin kvardag og prøvingane dei opplevde under 2. verdskrig. Ein kan lese søknader frå folk som ønskte seg ny kjole til å gifte seg i, soldatar som kom heim frå felt utan andre klede enn uniform han bar, mødre som fortvila trengte kler til borna sine osb. Ein kan sjå føre seg at det å vere tilsett i forsyningsnemnda, og slik eit bindeledd mellom innbyggjarane og myndigheitene, var ein krevjande jobb. Det er derfor flott å sjå at humoren var på topp òg under krigen. I samband med ordninga av forsyningsnemnda i Ullensvang herad fann vi ein artig søknad frå ein innbyggjar. Personen har faktisk skrive heile søknaden på rim, og ikkje nok med det svaret forsyningsnemnda skreiv attende er òg på rim!

20140820141551064_0003 20140820141551064_0001

Kjelder

Mykland, L. & Masdalen K.O. «Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommune» Universitetsforlaget. 1987

Arkivmateriale frå Samnanger forsyningsnemnd i IKAH sitt arkivdepot

Arkivmateriale frå Kvinnherad forsyningsnemnd i IKAH sitt arkivdepot

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *