Skattejakt i Lindås!

Anita og Åse har vore i Lindås å henta kommunalt arkiv funne i kjellaren på det gamle Tinghuset på Lindås. Her vart vi tatt vel i mot av Elisabeth Tonheim som driv galleri på staden. Det vart ein vellukka tur då fleire arkivstykker som vi tidlegare har mangla vart funne. Lindås kommune sine arkiv har tidlegare vore ordna av Åse, og no kan siste rest implementerast inn i katalogen når det innkomne arkivet er ferdig ordna. Vi har lagt ut fleire bileter frå turen på flickr.com, trykk på bilete under så kjem du inn på sida.


Untitled

Vi vart òg intervjua av Strilen. Reportasjen kan du sjå her.

Arkivkatalogen for det ferdig ordna arkivmaterialet frå Lindås kommune finn du her.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *