Temaet for årets kontaktkonferanse er arkiva mellom ordning, integrasjon og formidling. Vi vil sjå på ordning av arkiv og erfaringar og gevinstar med dette arbeidet samt integrasjon av og forholdet mellom fag og sak-arkiv systemer. Til slutt vil vi få sjå sluttproduktet i digitaliseringa av byggesaksarkiver i Bergen kommune.
ORDNING AV ELDRE ARKIV – ERFARINGAR VED EIN MILEPÆL
Vi nærmar oss ein milepæl i Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS si historie. Gjennom ordningsprosjektet vårt er arkiva til nær 55 kommunar ordna ferdig fram til 1965 – eit prosjekt som truleg manglar sidestykke i arkiv-Norge. Verdien av dette arbeidet vil auke i tida som kjem og erfaringane vi har gjort oss tek vi med oss vidare.
- Åse Eikemo Strømme er konsulent i IKAH og har hatt ansvaret og stått for store deler av ordningsarbeidet i dette prosjektet.
ORDNING AV ELDRE ARKIVER – ERFARINGAR FRÅ NOKON SOM SNART ER I MÅL
Ordning og katalogisering av arkiver er eit krevjande arbeid men som på sikt og gjev stor gevinst. Dette kan vere i form av sparte kostnadar til oppbevaring, kostnadar til attfinning samt kortare saksbehandlingstid. Som ein av få kommunar er Kvam kommune snart i mål. Kva har dei gjort som få andre har og kva har dei erfart så langt.
- Gunvor Utne Mæland er arkivleder i Kvam kommune. Med seg har ho Gerd Haugland og Marie Elisabeth Skutlaberg som har ordna og katalogisert arkiva for Kvam frå 1965 og fram til i dag.
MENS VI VENTAR PÅ NOARK 5 – INTEGRASJON MELLOM FAGSYSTEM OG NOARK 4
I det siste har store deler av Nordhordlandskommunane teke i bruk integrasjon mellom fagsystem og Noark4 sak-arkivsystem. Kva er erfaringane frå å ta i bruk desse systema? Kva vert skapt i desse fagsystema og er det alt som kan eller skal integrerast?
- Sølvi Ann Hanstveit arbeider med barnehagearkiver i Osterøy kommune. Kari Brekke arbeider med elevarkiver i Osterøy kommune.
DIGITALISERTE EIGEDOMSARKIV– LEVERT DIREKTE HEIM TIL DEG
Vel ein elektronisk saksbehandling kjem ein ikkje unna digitalisering av papirdokument. Dette fekk vi høyre om på fjorårets kontaktkonferanse. Bergen kommune har som ein av dei fyrste i Norge teke i bruk integrasjon mot “Min side”. Dette gjer at innbyggjarar no får levert heile historikken på ein eigedom digitalt. Er dette framtida? Korleis ser det ut og verkar det eigentlig?
- Stig Brunstad, er prosjektansvarlig for digitaliseringsfabrikken i Bergen Byarkiv.
ARKIVLEIAR SIN SPØRJETIME
Stortinget har sin spørjetime og vi har vår. Arkivleiarar står fritt til å melde inn spørsmål på førehand eller deltakarane kan ta opp spørsmål der og då. Dette er og eit høve til å legge inn ynskjer for det kommande året.
Stad: Kalfaret Brygghus. Ligg like ved siden av våre lokaler på kalfaret. Vi vil og sejte ut skilt som viser veg til kurslokala. Trykk her for kart og vegbeskrivelse.
Tidpunkt: torsdag 25. november kl. 09.45-15.30
Vi tek atterhald om endringar.

