KAI-konferansen 2017

 

“It’s not the #biggest archival institutions that survive, nor the most intelligent, but the one most responsive to change.”

 

 

 – Charles Darwin (on the origin of Archives)

 

No sa vel ikkje Charles Darwin det akkurat slik, men i kva grad arkivinstitusjonar omfavnar endringar rundt seg er kanskje av betydning for kva historia sit att med for ettertida?
.

Tema  for KAI-konferansen 2017,  dreier seg kring endringar i samfunnsoppdraget for oss som arkivarar og arkivinstitusjonar. Medan vi svarar på høyringar og ventar på ei ny arkivlov, ei ny forskrift, ei kommunereform, ei regionreform og den digitale revolusjonen, har vi framleis nokre skjelett i skapet kva uløyste oppgåver gjeld. Arkivinstiusjonane er i full strekk og trør vatnet og ventar på oppgraderinga over alle oppdateringar, den som skal løyse alt ein gong for alle, nemleg samfunnsoppdraget versjon 2.0. Så kva var gale med versjon 1.0.? Finst det eigentleg nokon som veit kva det gjekk ut på og i kva grad vi kom i mål? Kor mykje betre er versjon 2.0. og kva er nytt i denne oppdateringa? Er det berre snakk om det same i ei anna drakt, ny teknologi og programvare? Eller er funksjonaliteten revolusjonerande forbedra? Er oppdraget i tråd med utfordringane som ligg framfor oss?  Inneber det flunkande nye måtar å jobbe på?  Treng vi ein annan kompetanse enn den vi har i dag? Spørsmåla er fleire og vi håpar konferansen kan gje både retning og svar.
.

Litt informasjon: Bergen Byarkiv, Hordaland fylkesarkiv og IKA Hordaland ønskjer alle velkommen til Bergen frå den 5. til 7. september. Konferansen vert arrangert på  Grand hotel Terminus rett ved togstasjonen i Bergen. Meir informasjon om program og påmelding kjem etterkvart, men set av dagane så håper vi å sjå dykk alle i Bergen!