Elektronisk arkiv

Interkommunalt arkiv i Hordaland tilbyr depottenester for elektronisk arkiv for Hordalandskommunane. Elektronisk arkivmateriale er digital informasjon og datasett frå ulike typar datasystem brukt i sakshandsaming i offentleg verksemd. Dei fleste kommunane i Hordaland har avtale om depot for elektronisk arkiv hjå IKAH, og mange har også levert uttrekk. Det er levert inn over 60 system, og langt fleir er aktuelle for levering.

Her er nokre døme på system i IKAH sitt depot for elektronisk arkiv:

Humanus (sosialsystem), Familia (barnevernsystem), Forum Winsak (sak/arkivsystem), Kontor 2000 (sak/arkivsystem), Fsys2000 (forliksrådsystem), BVPro (barnevernsystem), Unique Oskar (sosialsystem), Unique Marthe (barnevernsystem), Wis Skole (skolesystem), Infodoc (helsetjenestesystem), MD Flyktning (flyktning/integreringssystem), MD Forlik (forliksrådsystem), EDB ESA (sak/arkivsystem), Profdoc (helsetjenestesystem), Websak (sak/arkivsystem)