Personregister

Personregister er definert som «register, fortegnelse m.v. der opplysningar er lagra systematisk, slik at opplysningane om den enkelte kan finnast att» (Jf. §2.3 i Personopplysningslova). Personregister er ein viktig del av den kommunale forvaltninga, som handterer store mengder med personopplysningar. Døme på slike personregister kan vere elevmapper, PPT-mapper, barnevernsmapper, helsekort, pasientjournalar osb.

Interkommunalt arkiv i Hordaland har personregister i depot frå dei fleste av eigarkommunane våre. Dette er i all hovudsak personregister som ikkje er aktivt i bruk administrativt i kommunen. IKAH får avlevert personregister jamnleg frå eigarkommunane, og har som regel at dei må vere eldre enn 10 år etter siste kontakt med personen det gjeld.

Merk: Om du vil ha innsyn i «mappa di» eller lurer på om du har ei mappe i ein kommune må du ta kontakt med kommunen det gjeld. IKAH leverer ikkje ut personregister til andre enn kommunen som eig arkivet.  All kontakt vedrørande personregister  må difor gå gjennom kommunen.