Eldre kommunearkiv

Eldre kommunalt arkiv vert danna i verksemda den einskilde kommune utfører, både administrativt og politisk. I denne type arkiv finn ein til dømes møtebøker, kopibøker, journaler og saksarkiv. Den som har produsert arkivetmaterialet kallas ofte for Arkivskapar, i ein kommune kan dette til dømes vere Formannskapet, kommunestyre, skular, sjukeheimar, sosial tenesta osb. Desse arkiva vert vanlegvis avlevert til arkivdepot når dei er 25-30 år gamle.

IKAH er i dag depot for dei fleste av eigarkommunane våre, noko som inneber at desse kommunane har arkivmateriale oppbevart hjå i IKAH i våre lokaler. Seks av eigarkommunane har depot hos seg sjølv i den einskilde kommunen. Sjå oversikt i tabellen.

I IKAH sitt depot er alt av eldre arkiv frå perioden 1837 til 1964 ferdig ordna og katalogisert, ned på saksnivå. IKAH har i 2013/14 eit prosjekt gåande kor vi hjelper eigarkommunanae våre med å avlevere eldre arkiv frå perioden 1965 til 1985 (1991) til ordning hjå IKAH. Dette inneber at IKAH no har arkiv frå fleire kommunar i depot hjå oss, dette gjeld óg dei som ikkje til vanleg har depot hjå oss. Vi tilrår derfor å sjå i oversikta under om ein ønskjer innsyn i eldre arkiv frå perioden 1965 til 1991.

 

Meir informasjon: