Kommunehistoria

Dei kommunale arkiva inneheld dokumentasjon av rettsleg så vel som historisk og kulturell interesse. Du kan navigere via bokmerkene under innhald for å sjå kva som kan finst av materiale i kommunearkiva fram til 1964-65. Lista vert utvida etterkvart som vi ordnar arkiv etter 1965.


Innhald:

1. Valstyre / røystestyre
2. Formannskap og Kommunestyre
3. Soknekommune / soknekasse
4. Kommunekassen / herredskassen
5. Likningskommisjonen /likningsnemd / likningskontor
6. Skulestyre / skulekommisjon
7. Skulekrinsane / folkeskulane
8. Sosiale oppgåver, fattigkommisjonen, fattigstyre, forsorgsstyre, sosialstyre
9. Tilsynsmannen for riksforsikringsanstalten
10. Fiskarmanntalsnemnda
11. Krinsjukekassen (Trygdekassen)
12. Alderstrygdnemnd og Barnetrygdnemnd
13. Tekniske oppgåver

1. Valstyre / Røystestyre:

Valstyre for stortingsval vart oppretta for landkommunane i lov av 24.02.1900. Tidlegare hadde sokneprest og fut ansvaret for valforretningane og manntalet.Valstyret vart samansett av formannskapet og lensmannen, som var manntalsførar og lovbestemt formann i valstyret. Etter lov av 17.12.1920 kunne kommunestyret etter samtykke av fylkesmannen velja ein annan manntalsførar. Valforretningane vart førte i valprotokoll (valbok) for stortingsval.
Manntalsførar skulle leggja fram utkast til manntal, som vart gjennomgått av manntalsnemnda før det vart lagt ut. Manntalsnemnda vart samansett av manntalsførar og to medlemer valde av og blant formannskapet. Manntalsnemnda sine forhandlingar vart førte i eiga møtebok. Etter at manntalet var lagt ut, kunne endringar berre gjerast etter vedtak i valstyret.Dersom valet vart gjennomført på meir enn tre ulike røystestader i kvar kommune, skulle valstyret oppnemna lokale røystestyre på tre medlemer for kvar krins. Røystestyra skulle føra eigen protokoll.
Stortingsval vart halde kvart tredje år fram til 1938,då valperioden vart utvida til fire år

Valstyre for kommuneval vart innført ved endringar i lov av 27.07.1896. Valstyre skulle vera samansett av formannskapet og lensmannen, som var manntalsførar og lovbestemt formann i valstyret. Dersom kommunen var delt i fleire sokn, skulle kvart sokn ha eige valstyre. Denne ordninga sto ved lag fram til og med 1955. Manntal skulle utarbeidast av lensmannen saman med formannskapet (eller formennene i soknet). Frå 1901 skulle lensmannen utarbeide manntalet åleine. Manntalsførar skulle leggja fram utkast som vart gjennomgått av manntalsnemnda før det vart lagt ut. Manntalsnemnda vart samansett av manntalsførar og to medlemer valde av og blant formannskapet. Etter at manntalet var lagt ut, kunne endringar berre gjerast etter vedtak i valstyret. Dersom valet vart gjennomført på meir enn tre ulike røystestader i kvar kommune, skulle valstyret oppnemna lokale røystestyre på tre medlemer i kvar krins. Frå 1925 skulle kvar skulekrins halda eige valting. Røystestyra skulle føra eigen protokoll. Frå 1837 vart det halde kommunevalet annankvart år. Valperioden var fire år, slik at halvparten av formennene og representantane vart skifta ut ved kvart val. Kommunval vart halde kvart tredje år i frå 1896. Frå 1947 vart valperioden utvida til fire år.
Tilbake til toppen

2. Formannskap og kommunestyre:
Formannskapslovene av 14.01.1837 fastsette at det i kvart prestegjeld skulle opprettast ein kommune, som skulle styrast av eit formannskap og eit representantskap. Formannskap og representanskap skulle veljast kvar for seg, og det skulle vere tre gonger så mange representantar som formenn. I prestegjeld som var delt i fleire sokn skulle desse vala gjennomførast soknevis. Formannskapet skulle velja ordførar og varaordførar. Representantskapet hadde ingen funksjon åleine, men møtte saman med formennene etter innkalling frå formannskapet for å handsama saker om løyvingar til nye tiltak, kjøp og sal av eigedomar og andre viktige økonomiske saker. Dette fellesorganet vart seinare kalla heradstyre eller kommunestyre.

Forhandlingane til formannskap og representantskap skulle refererast i formannskapet sin forhandlingsprotokoll. Det skulle og førast brevjournal og kopibok. Desse protokollane skulle autoriserast av amtmannen (fylkesmannen). I lov av 10.06.1938 vart bestemmelsane om føring av postjournal og kopibok tatt ut av lova. Medlemene av fattigkommisjonen og skulekommisjonen skulle tiltre formannskapet når fattigsaker og skulesaker vart behandla. Denne ordninga – dei kombinerte formannskapa – sto ved lag til 1845 for fattigstellet sin del. For skulestellet vart det kombinerte formannskapet oppheva av skulelova av 1860. I herad med soknedelt fattig- eller skulestell, skulle berre formenn frå det aktuelle soknet møta saman med kommisjonane.

Ved lovendring av 14.06.1879 vart retten til å velja ordførar og varaordførar og til å gjennomføra revisjon og desisjon av kommunerekneskapa overført frå formannskapet til kommunestyret. Ordførar og varaordførar skulle framleis veljast blant formennene. Ved lov av 27.07.1896 vart valordninga endra slik at kommunestyret skulle veljast under eitt. Kommunestyret skulle så velja 1/4 av medlemene som formannskap, ordførar og varaordførar. Kommunelova av 30.09.1921 stadfesta den eksisterande ordninga med kommunestyre og formannskap og gav bestemmelsar om nye faste stillingar i kommunen, slik som heradskasserar og formannskapssekretær. Kommunen sin kompetanse har alltid vore rekna å vere negativt avgrensa. Kommunen kan setja i gang tiltak på alle andre område enn der det er lovbestemt at den ikkje kan gjera det. Frå 1921 fekk kommunestyret høve til å opprette utval for å løysa faste eller særlege oppgåver. Lova stadfesta også kommunestyret sin rett til å skipa kommunale verksemder og gav reglar for val av styre og revisjon av rekneskapa til desse. I lov av 7.12.1923 vart det bestemt at ein kommune som ikkje makta å innfri sine gjeldsforpliktelsar, kunne setjast under administrasjon av departementet. I midlertidig lov av 22.06.1928 vart desse bestemmelsane innskjerpa. Kommunen skulle styrast av eit administrasjonsstyre, samansett av ein representant frå kommunestyret og ein frå fordringshavarane, samt dei som vart oppnemnt av Kongen. Etter begge lovene skulle kommunestyre og formannskap halda fram i sine funksjonar, men utan rett til å gjera vedtak som kunne føra til utgifter for kommunen. Kommunestyret kunne likevel uttala seg i slike saker og anka vedtak av administrasjonsstyret inn for departementet.

Kommunelova av 10.06.1938 førte ikkje med seg vesentlege endringar i kommunen si organisering og drift. Formannskapslovene gav amtmannen (fylkesmannen) rett og plikt til å godkjenne (approbere) vedtak som vart gjort av kommunestyret. Vedtak som hadde store økonomiske konsekvensar skulle approberast av Kongen. I 1921-lova vart dette endra slik at negative vedtak (utsetjing, avslag o.l.) ikkje trengde approbasjon. Denne ordninga sto ved lag fram til lov av 12.11.1954 avgrensa fylkesmannen si fullmakt til å underkjenna vedtak som låg utanfor kommunen sitt kompetanseområde eller vedtak i strid med gjeldande lov. Fylkesmannen skulle også godkjenne budsjettvedtak i kommunar som mottok skatteutjamningmidlar.

I arkivet etter formannskap og kommunestyre vil det finnast møtebøker (forhandlingsprotokollar), kopibøker og brevjournalar. Korrespondanse og saksdokument er fram til om lag 1935 som oftaste ordna kronologisk etter journalnummer eller dato. Samstundes vil det finnast sideordna korrespondanse, som er ordna etter emne. I 1935 kom den første arkivnøkkelen på markedet, Roalds kommunale arkivsystem. I 1951 kom den første arkivnøkkelen som var utarbeidd av Norges herredsforbund (NHF) I 1963 og 1976 kom det reviderte utgåver av NHF sin arkivnøkkel.
Enkelte kommunar heldt fast på ordning etter journalnummer heilt fram til 1950 – 60- åra. Det er mange variasjonar på kva tid den enkelte kommune gjekk over til å arkivera saksarkivet sitt etter ein av dei ovanfornemnte arkivnøklane.
Tilbake til toppen

3. Soknekommune / soknekasse:
(av Per Benonisen)
Formannkapslovene av 14. januar 1837 fastslo som hovudregel at kvart prestegjeld for etter-tida skulle utgjera eit formannskapsdistrikt, frå 1863 kalla herad eller heradskommune. Prestegjelda kunne femna om fleire kirkesokn; desse vart no organiserte som soknekommunar. På eit vis kan ein seia at soknekommunen vart ein kommune i kommunen. Kvar heradskommune kunne innehalde fleire underordna soknekommunar.

Det var ikkje tilfeldig at det vart bygt vidare på kyrkjesoknet ved innføringa av det kommunale sjølvstyre. Innbyggjarane var godt vane med rettar og plikter overfor kyrkja og dei geistlege embetsmenn. Til dømes viser eit reskript frå 1704 at dei beste Sognemænd skulle vera til stades ved utlikninga av almuens bidrag til vøling av kyrkja. Formannskapslovene etablerte såleis det gamle kyrkjesoknet som eit særskilt forvaltningsnivå med eit visst sjølvstyre. I §20 heiter det at “naar en Sag udelukkende angaar et enkelt Sogn eller Sogne, skal kun de Formænd eller Ræpresentanter, som dertil henhøre, deltage i Stemmegivningen derover…”

Soknekommunen vart leia av eit eige soknekommunestyre, som oftast forkorta til soknestyre. Valordninga fastsette at dette skulle bestå av soknet sine representantar i heradstyret. Om ein person vart vald inn i heradstyret, vart han samstundes innvald i soknestyret i heimsoknet sitt. Fordelinga av kor mange representantar det enkelte sogn skulle ha i heradstyret, vart fastsett av amtmannen (seinare fylkesmannen) på bakgrunn av m.a. befolkning, matrikkelskyld og skattbar inntekt og formue.

Ei rekkje faktorar gjorde sitt til at vi finn store variasjonar frå kommune til kommune med omsyn til utbyggjingsnivå av sokneadministrasjonen. Dette avspeglar seg sjølvsagt i arkiva frå den enkelte kommune, både i innhald og mengde.Dei geografiske tilhøva var ein vesentleg faktor. I kommunar med store areal, med lange og tungvinte reiser for representantane, satsa ein gjerne mykje på soknevis forvaltning (Om ikkje soknet reiv seg laus for å verta eigen, sjølvstendig heradskommune, noke vi har mange døme på).

Dei sentrale styresmaktene gjorde også sitt til den nemnde variasjonen. Eit diffust og tildels mangelfullt lovverk, med svært få lovpålagte oppgåver utover dei innan kyrkjestellet, førte til varierande tolkningar og vurderingar av kva oppgåver ein burde løysa soknevis. Ei rekkje særlover vedtekne i andre halvdel av 1800-talet, førde til ei viss avklaring av soknekommunen sitt ansvarsområde. Fattigloven av 6. juni 1863, avløyst av lov om fattigvesenet av 19. mai 1900, ga opning for soknevis organisering av fattigvesenet. Lov av 26.juni 1889 om folkeskulen på landet, avløyst av lov av 16.juli 1936, inneheldt tilsvarande ordning for skulevesenet. Veglova av 15. juni 1882, avløyst av lov av 21. juni 1912, ga soknekommunane løyve til å ta på seg utgifter til anlegg av nye og ombyggjing og vøling av eldre bygdevegar i soknet. Av andre oppgåver som soknekommunen engasjerte seg i, med meir eller mindre lovdekning, kan nevnast elektrisitetsforsyning, vassforsyning, utbyggjing av telefonnett samt ymse helsetiltak.

Dei mange heradsdelingane på 1800-talet og begynnelsen av 1900-talet, førte til stadig fleire heradskommunar, og ikkje minst, færre og mindre soknekommunar. Dei økonomiske nedgangstidene i 1920- og 1930-årene, med kommunale budsjettkriser og statlege krav om rasjonalisering og innsparingar, synleggjorde soknekommunen som urasjonell og kostbar i drift. Soknekommunane vart oppheva ved lov av 15. desember 1950.
Tilbake til toppen

4. Kommunekassa / herredskassa:
Rekneskapsføringa for kommunen sine kassar har utvikla seg frå eit system med særskilte rekneskap og rekneskapsførarar for dei enkelte kassane fram til eit felles rekneskap og ein felles kommunekasse/kommunekasserar (heradskasse/heradskasserar). By og land hadde ulike forskrifter for rekneskapsføringa. Utgreiinga nedanfor omhandlar landkommunane fram til 1942, då by og land fekk felles forskrift. Før 1837 førte skule- og fattigkommisjonen kvart sitt rekneskap, gjerne med presten som rekneskapsførar. Med formannskapslovene i 1837 vart ansvaret for rekneskapet til dei kommunale kassane lagt til formannskapet, og rekneskapsførarane og kasserarfunksjonane vart no lagt under formannskapet. Samstundes skulle formannskapet overta revisjon og desisjon (endeleg godkjenning) av rekneskapa. Kvart sokn kunne ha sin skule-, fattig- og soknekasse. I tillegg kunne det finnast andre kommunale kassar, som t.d. kyrkjekasse for den enkelte kyrkje, vegkasse og hamnekasse. Heradskassen skulle etter kvart dekkja andre kommunale utgifter. Det vart normalt ført separate rekneskap for dei ymse kassane, sjølv om kassane gradvis fekk ein og same rekneskapsførar. Budsjett og utlikning vart knytt nærare saman i 1860-åra, og gradvis fekk dei enkelte kassane felles rekneskapsprotokollar.

Departementet gav nærare bestemmelser om rekneskapsføringa 15.11.1883. Kontoplanen vart innført, og det skulle førast eit kassarekneskap og eit nettorekneskap som synte verkelege inn- og utbetalingar. Desse bestemmelsane vart i prinsippet ståande til 1936 for landkommunane. Då kom det forskrifter som presiserte samanhengen mellom budsjett og rekneskap, og prinsippet om dobbel bokføring. I 1942 kom det nye forskrifter som vart felles for by- og landkommunane. Det kom endringar i 1958. Desse vart avløyste av nye forskrifter frå 01.01.1972.

Med skattelovene av 1882 kom det viktige endringar i samband med oppkrevjing av skatt. Før den tid var det på landet fogden / lensmannen som krov inn matrikkelskatten. Dei andre skattane som vart utlikna på formue og næring, vart innbetalte til dei respektive rekneskapsførarane eller særskilte oppkrevjingsmenn ( t.d. skule- og fattigskatt). Vart ikkje skatten betalt, kunne den drivast inn ved utpanting, som vart utført av fogd / lensmann. No vart kommunkasseraren skatteoppkrevjar, og fekk rett til å føreta tvangsinndrivelse av kommuneskatten. Statsskatten vart frå 1892 utlikna saman med kommuneskatten, men først ved skattebetalingslova av 1952, gjort gjeldande frå 01.01.1957, vart kommunekasseraren oppkrevjar av statsskatten, og gjeve fullmakt til utpanting for alle skattekrava.

Landkommunelova av 30.09.1921 fastsette at det skulle tilsetjast kommunekasserar (heradskasserar). I mindre kommunar vart denne stillinga ofte delt med ein halv stilling som formannskapssekretær. I arkiva vil det finnast rekneskapsmateriale, eller ekstraktar, frå dei ymse kassane i tida før 1882. Etter den tid vil det finnast meir samla for kommunekassen. Det er ført eige rekneskap for skatteoppkrevjinga. Dei ymse forskriftene har i stor grad vore retningsgjevande for utforminga av rekneskapsmateriale som finst i desse arkiva. Frå 2. halvår 1913 til 1. halvår 1960 vart budsjett-/rekneskapsåret ført frå 1.juli til 30. juni. Frå 1. januar 1961 er dette identisk med kalenderåret.
Tilbake til toppen

5. Likningskommisjonen /likningsnemd /likningskontor:
By og land hadde ulik utlikning av skatt like fram til 1975, då skattelova vart lik for by og land. Utgreiinga nedanfor er gjort utifrå skattelovene for kommunane på landsbygda i tida 1837 til 1965, då administrasjonen av likninga vart overført til staten. Formannskapslovene gjorde at kommunane vart sjølvstendige i økonomiske saker, men hadde ingen bestemmelsar om skatt. Tidlegare praksis ved utlikning og innkreving av skatt heldt difor fram som før 1837. Dei generelle utgiftene til kommunane vart dekte gjennom refusjonar av den statlege martrikkelskatten. Utgifter til skule- og fattigstellet vart dekte gjennom skattar utlikna av skule- og fattigkommisjonane. Skulekommisjonen hadde ansvaret for utlikninga av skuleskatten fram til lov av 16.06.1860 overførte denne retten til kommunestyret eller ein likningskommisjon valt av kommunestyret. Fattiglova av 6.06.1863 gjorde tilsvarande endring for fattigskatten. Fattiglova fastsette og at det skulle veljast ein eigen overlikningskommisjon for å handsama klager på likninga.

Skattelovene av 15.04.1882 innførte ein felles kommuneskatt, som skulle utliknast av likningskommisjonen på grunnlag av eigedom, inntekt og formue. Det kunne og opprettast overskattekommisjon til å handsama saker for skatteytarar busette utanfor kommunen. Etter lov av 30.05.1891 kunne det opprettast eigne likningskommisjonar for kvart sokn. Ved lov av 29.06.1892 vart likningskommisjonen tillagt ansvaret for utlikninga av statsskatt. Likningskommisjonen og overlikningskommisjonen endra ved lov av 18.08.1911 namn til likningsnemnd og overlikningsnemnd. Overskattekommisjonen vart då erstatta av ei serskild klagenemnd. Framleis kunne det vera serskilde likningsnemnder i dei enkelte sokna.

Skattelova av 1911 gav allmenn plikt til å levera sjølvmelding og næringsoppgåver, og utlikninga av skatten skulle no byggja på desse. 1911-lova innførte ei ordning med likningsråd som skulle gjennomgå sjølvmeldingane. I byane var dette pålagt, medan det på landet var frivillig. Der det ikkje vart oppretta likningsråd, skulle likningsnemnda ha desse funksjonane. Likningsrådet hadde avgjerande myndigheit når det galdt handsaming av sjølvmeldingane og utlikning av skatten. Etter lov av 15.02.1935 skulle ein der det ikkje fanst likningsråd, oppretta eit likningsutval til å ta førebels handsaming av sjølvmeldingar og næringsoppgåver. Formannen i likningsnemnda skulle vera formann i likningsutvalet. Likningsutvalet sitt arbeid hadde meir karakter av tilrettelegging for likningsnemnda, som så avgjorde utlikninga etter sjølvmeldingane. Likningsrådet og likningsutvalet vart avskaffa ved lov av 30.06.1955. Denne lova oppretta eit serskilt takstutval for jord og skogbrukseigedomar og eit for andre eigedommar.

Lov av 10.07.1936 gav påbod om å ha fast tilsett forretningsførar for likningsvesenet. Ved lov av 1950 vart all saksførebuing tillagt likningssjefen. Frå 1957 vart skatteinnkrevjinga lagt om, slik at dei fleste kom til å betale skatt av årets inntekt (forskotsskatt). Tidlegare vart skatten betalt etterskotsvis.

I tillegg til dei ordinære stats og kommuneskattane har det vore utlikna ei rekkje serskattar:
1915-1921: Krigskonjunkturskatten.
1918-1950: Tilleggsskatt til kommunane på større inntekter.
1921-1951: Ekstraordinær formueskatt
1936: Alderstrygdavgift, utlikna saman med statsskatten
1946: Krigspensjoneringsavgift, som for alderstrygdavgifta
1938-1945: Avgift til arbeiderfondet
1941-1945: Serskilt skatt til staten på inntektsstigning
1946: Eingongsskatt på formuestigning
1946-1948: Krigsskadeavgift, utlikna på grunnlag av statsskattelikninga
1948-1951: Verneskatt

Arkiva etter likningsvesenet vil innehalda forhandlingsprotokollar (møtebøker) etter likningskommisjonen og dei andre organa, kopibøker og brevjournalar. Likningsprotokollar, som viser utlikninga av skatten, er den mest omfattande arkivserien. I dei første åra kan likninga vere innført i møtebøkene. Frå 1892 kom opplysningar om statsskatt med i likningsprotokollane, ofte ført i eigne protokollar for kommuneskatt og statsskatt. Kladdelistene kan vera tekne vare på. Desse inneheld sjølve likningsutrekninga og har detaljerte opplysningar frå sjølvmelding/næringsoppgåver. Sjølvmeldingane er som oftaste kasserte. Det vil som regel i liten grad vera bevart anna korrespondanse.
Tilbake til toppen

6. Skulestyre / skulekommisjon:
Grunnlaget for utviklinga av det moderne skulestellet vart lagt ved skuleforordninga av 1739, som fastsette innhaldet i undervisninga i skulane. Denne vart følgd opp av skuleplakaten av 1741, som fastsette at amtmannen og prosten skulle samla fire av dei “beste menn” i kvart prestegjeld, soknepresten og hans kapellanar. I fleire prestegjeld deltok dei fire “beste menn” frå kvart sokn. Denne skulekommisjonen skulle utarbeida ein plan for organiseringa av undervisninga i prestegjeldet og setja opp budsjett for skulestellet og utlikna skuleskatt på innbyggjarane. Dette dokumentet vert ofte kalla “skulefundas”. For kvart sokn skulle kommisjonen peika ut ein eller fleire menn til å krevja inn skuleskatten og føra rekneskap for soknet si skulekasse.

I 1816 vart samansetjinga av skulekommisjonen endra til å omfatte presten, hans medhjelparar, lensmannen og prestegjeldet sine valmenn. Skulelova for landet av 1827 bygde i det vesentlege på forordninga og plakaten, men det vart sett minimumskrav til utbyggjinga av skulestellet. Skulekommisjonen kunne fastsetja talet på skuledistrikt og omgangsroder, likna ut skuleskatt og påleggja dei med matrikulert jord å ta i mot omgangskulen. Kommisjonen kunne og be regjeringa om fritak frå lovpåbodet om fast skule ved hovudkyrkja. I 1834 vart det utarbeida skuleplanar for dei einskilde stifta med instruks for lærarane.

Formannskapslovene av 1837 la skulen sin økonomi under formannskapet. Når det vart handsama saker om skulen, skulle kommisjonen (med unntak av dei folkevalde medlemene) tiltre formannskapet. Dette organet vart kalla kombinert formannskap eller skuleformannskap. Formannskapet skulle tilsetje rekneskapsførar for skulekassa. Kvart sokn kunne etter formannskapslova ha sin eigen skulekommisjon, eller den kunne vere felles for formannskapsdistriktet.

Landsskulelova av 1860 fastsette at eit formannskapsdistrikt i regelen skulle utgjera ein skulekommune. Eksisterande ordningar skulle likevel halda fram til kommune/soknestyret gjorde vedtak om å endra dette. Med samtykke frå Kongen kunne det likevel opprettast nye skulekommunar i einskilde sokn. Skulekommisjonen skulle vera samansett av presten, residerande kapellan, ein representant for lærarane, ordføraren i formannskapet og så mange kommunalt valde medlemer som kommunestyret bestemte. Soknepresten var lovbestemt formann i kommisjonen. Skulekommisjonen skulle laga framlegg til skulebudsjett og leggja dette fram for formannskapet og dela skulekommunen inn i skulekrinsar. Presten hadde møterett i formannskap og kommunestyre under behandlinga av skulesaker.

Folkeskulelova av 1889 fastsette at ein heradskommune kunne delast i fleire skulekommunar. Lova innførte namnet skulestyre og gjorde presten til vanleg medlem av skulestyre. Formannen skulle no veljast fritt mellom medlemene. Samstundes erstatta skuledirektøren stiftsdireksjonen som overordna organ for det kommunale skulestellet. Skulelova påla skulestyra å utarbeida kommunale skuleplanar. For landsskulen utarbeidde departementet i samråd med skuledirektørane eit utkast til skuleplan som skulle vera retningsgjevande for skulestyra som eit tillegg til landsskulelova. Skulestyret fekk rett til å tilsetja lærarar.

Skulelova av 1936 fastsette at alle skulekrinsar skulle vere representerte av dei medlemene kommunestyret valde til skulestyret. Ordføren eller ein annan formannskapsmedlem skulle vere medlem av skulestyret. Skulestyret fekk rett til å tilsetja skulestyrarar og skuleinspektør for kommunen. Skulelova av 1959 var felles for by og land. Skulestyret skulle i sin heilskap veljast av kommunstyret. Alle kommunar skulle ha eit skuleråd og alle skular lærarråd. Kommunen fekk plikt til å tilsetja skuleinspektør.

I arkivet etter skulestyret vil det finnast møtebøker (forhandlingsprotokollar), kopibøker og brevjournalar. Korrespondanse og saksdokument er fram til om lag 1960 som oftaste kronologisk ordna etter journalnummer eller dato. Samstundes vil det finnast sideordna korrespondanse, som er ordna etter emne. Seinare er dette ordna etter arkivnøkkel. I arkivet finst det også personalarkiv og tilvisningsbøker. Rekneskapet for skulekassen er som oftaste arkivert hjå heradskassen.
Tilbake til toppen

7. Skulekrinsane / folkeskulane:
Plakaten av 1741 fastsette at skulekommisjonen skulle dela prestegjeldet i skuledistrikt og roder. Eit skuledistrikt var det området som vart dekt av ein lærar, ofte eit sokn. Distriktet var delt i roder (skulehaldslaug), som omfatta dei gardane som låg slik til at borna kunne ha felles omgangsskule, vanlegvis ei grend. Rodene hadde skule eit par månader i året slik at heile distriktet vart dekt i løpet av eit år. Skuledistrikta og rodene vart endra etter kvart som krava til undervisninga vart større.

Skulelova av 1860 fastsette at ein skulekommune skulle delast opp i skulekrinsar. Krinsen skulle normalt ha ein fast skule, men omgangskulen var framleis vanleg i dei fleste kommunar. Lova fastsette at skulestyret skulle oppnemne tilsynsmenn for krinsane og at det kunne haldast krinsmøte når krinsen vart påført økonomiske plikter. Skulelova av 1889 utvida denne ordninga slik at det i kvar skulekrins skulle vera eit tilsynsutval, samansett av tre representantar valt i krinsmøte og med eitt av skulestyret sine medlemer som formann. Tilsynsutvalet skulle føra tilsyn med skulen i krinsen og arbeida for god skulesøkjing og orden i skulen. Skulestyret kunne delegera delar av si myndigheit til tilsynsutvalet. På krinsmøtet hadde alle skatteytarar over 25 år stemmerett, saman med foreldra til elevane. Krinsmøtet hadde rett til å uttala seg om og gjera vedtak i saker som gjaldt skulen. Ordninga med tilsynsutval og krinsmøte vart stadfesta av skulelovene av 1936 og 1959. Frå 1959 vart det obligatorisk med lærarråd på skulane.

Arkivmateriale frå skular og krinsar omfattar nokre få seriar: Skuleprotokollen var frå starten av ført av læraren i eit skuledistrikt og omfatta rodene i distriktet. Seinare vart protokollen ført for ein eller fleire klassar i kvar krins. Skuleprotokollen inneheld opplysningar om elevane sine karakterar og frammøte på skulen. Andre tidlege namn på skuleprotokollen er “hovedbog” og “extraxtprotokol”. I nokre tilfelle kan skuleprotokollen også innehalda inventarliste for skulen. Opphaveleg registrerte læraren løpande fråver i skuleprotokollen, men denne funksjonen vart mot slutten av 1800-talet overtatt av dagboka – seinare klassedagboka. Denne inneheld berre opplysningar om elevane sitt frammøte/fråver og eventuelle opplysningar om årsak til fråver. Avgangskarakterprotokollar – eller eksamensprotokollar – vart ofte ført felles for heile skulekommunen. Møteboka til tilsynsutval og krinsmøte vart ført frå 1889, og stundom har same protokollen vore i bruk til ut på 1970-talet.
Tilbake til toppen

8. Sosiale oppgåver, fattigkommisjon, fattigstyre, forsorgstyre, sosialstyre:
(til toppen)
I tida 1741 -1790 vart det oppretta fattigkommisjonar i kvart stift. “Anordningen om Fattigvæsenet i Bergen stift”, av 1755, oppretta ein overkommisjon og soknekommisjonar i kvart sokn. Kommisjonane hadde to hovudoppgåver:
– å sørgje for at dei rette almisselemene (sjuke, gamle og dei som ikkje kunne klara seg sjølv) fekk hjelp
– å straffa “late og ørkesløse betlere samt andre omstreifende egenrådige og udydige mennesker”.

Soknekommisjonen var samansett av presten, ev. kapellanen, lensmannen, presten sine medhjelparar og etter soknepresten sitt forslag – “af fogden beskikkede 2 sognemænd.” Ved utgangen av kvart år skulle dei senda forståelege rekneskap til overkommisjonen i Bergen, saman med opplyningar om fattigvesenet. Dei fattige skulle halda seg i sitt eige sokn. Sokne-kommisjonen skulle dela dei almisseverdige inn i legder hos bøndene slik at dei fekk mat, drikke og husvære. Friske born og vaksne skulle vera med i arbeidet på garden. Dei som ikkje var bønder, skulle i staden betala pengar til fattigkassa. Til å halda sokna rydda for tiggarar og omstreifarar skulle soknekommisjonen oppnemna to bygdevektarar. I 1816 kom truleg endring i samansetninga: dei “af fogden beskikkede 2 sognemænd” vart erstatta av valgmenn.

Formannskapslovene av 1837 oppretta det såkalte kombinerte formannskap, eller fattigformannskapet. Formannskapet fekk frå no ansvaret for fattigkommisjonen. Fattigkommunen skulle antan tilsvara soknet som før 1837, eller heile formannskapsdistriktet. Når fattigsaker skulle handsamast, møtte fattigkommisjonen med unntak av dei folkevalde medlemene saman med formannskapet – ev. formennene frå det aktuelle soknet.

Ved fattiglovene av 1845 forsvant overkommisjonane. På landet skulle fattigkommisjonen bestå av presten som ordførar, og så mange valgte medlemer som formennene og kommunestyret bestemte. Dei viktigast oppgåvene var å setja opp budsjett og bestemma kven som skulle få kva slags støtte. Kommisjonen hadde rett til å fastsetja avgiftene på brennevin, vin og øl. Formenn og kommunestyret skulle saman med fattigkommisjonen dela fattigkommunen opp i underdistrikt og roder. Fattigkommisjonen skulle peika ut ein til-synsmann for fattigkommunen og ein rodemeistar for kvar rode. Om naudsynt kunne dei og tilsetja fattigvektarar/bygdevektarar. Dei fattige vart delt inn i tre klassar:
1) dei som ikkje kunne arbeida
2) born
3) dei som delvis kunne syta for seg sjølv og familien

Fattigkommisjonen skulle ha ein forhandlingsprotokoll, kopibok for utgåande brev og brevjournal. Kommisjonen kunne og føra manntallsprotokoll over fattiglemer og legdsprotokollar/legdsrullar.
I landsfattiglova av 1863 var ikkje lenger presten sjølvskriven formann i fattig-kommisjonen, men var framleis medlem. Fattigkommisjonen skulle laga framlegg til budsjett som skulle godkjennast av kommunestyret, m.a. størrelsen på fattigkassa. Manntalls-protokollar over fattiglemmer vart påbode. Dei som ikkje tente tilstrekkeleg til eige eller familiens underhold kunne plasserast på fattiggardar.

Fattiglova av 19.5.1900, gjaldt både by og land. For fattigforsorga og krinstilsynet skulle det utarbeidast eigne planar som departementet skulle godkjenna. Skiljet mellom dei ulike fattigklassane fall bort. “Fortegnelse over understøttede Trængende”, som erstatta manntalsprotokollane vart påbode. I følgje 1900-lova skulle det nyttast trykte skjema til hjemstamnsforklaringer. Attestane som innflyttarane hadde med seg skulle vere utstedt av lensmannen. Legdsordninga fall no bort. Dei som mottok støtte frå fattigkassa mista ein del samfunnsretar: mellom anna fekk dei ikkje stemmerett før i 1919.Ved lov av 1948 endra fattigstyre namn til forsorgsstyre. Ved nyorganisering ved lov om sosial omsorg av 5.6.1964 – gjaldt både by og land – vart forsorgsstyret no til sosialstyret.
Tilbake til toppen

9. Tilsynsmannen for riksforsikringsanstalten / Rikstrygdeverket:
Lov om ulukkestrygdning for arbeidere i fabrikkar (ulykkesforsikringslova) var av 23.07.1894. Til å administere lova sentralt oppretta staten i 1895 Riksforsikringsanstalten. Kommunen vart pålagt å oppnemne ein eller fleire tilsynsmenn som skulle ta seg av Riksforsikringsanstalten sine gjeremål lokalt, og skaffa til veges opplysningar som var naudsynte for sakshandsaminga sentralt. Kommunen fastsette godtgjersle til tilsynsmannen, som vart delt halvt om halvt mellom kommunen og Riksforsikringsanstalten. I tillegg til industriarbeidarforsikringa, fekk tilsynsmannen ansvaret for å administrere ulykkestrygdene for fiskarar (lov av 07.11.1908) og sjøfolk (lov av 18.08.1911). Lov av 17.07.1925 la opp til ei samordning av trygdeordningane. Riksforsikringsanstalten kunne bestemme at forretningsføraren for krinssjukekassa skulle vera tilsynsmann for ulukkestrygdene, og skulle åleine dekkje utgiftene til tilsynsmannen. Lov av 06.06.1930 fastsette at dei offentlege trygdekassane no tok over administrasjonen av ulukkestrygdene direkte underlagt Rikstrygdeverket (tidl. Riksforsikningsanstalten).

I arkiva etter Tilsynsmannen vil det finnast journal og kopibok og rekneskap over inn- og utbetalingar. Vidare sende tilsynsmannen inn opplysningar om bedriftene si verksemd, om arbeidsforhold og ulukker, til Riksforsikringsanstalten sin sentrale ledelse. Dette gjaldt også for ulukkestrygdingane for fiskarar og sjømenn.
Tilbake til toppen

10. Fiskarmanntalsnemnda:
Forskriftene til lov av 08.08.1908 om ulukkestrygdene for fiskarar bestemte at ei kommunalt nedsett nemnd skulle føra manntal over alle personar eldre enn 15 år som dreiv næring ved saltvassfiskeri eller ved fangst av dyr i havet, og som var ulukkestrygda. Nemnda bestemte kven som skulle takast opp i manntalet. Det skulle førast to manntalslister, ei for dei trygdepliktige og ei for dei frivillige medlemene. Listene gjev opplysningar om den trygda sitt namn, bustad, kjønn, fødselsår, ektefelle, tal på born under 15 år, kvar vedkomande dreiv fiske eller fangst, arbeidsgjevaren, eventuell frivillig auke av trygdinga, betalt premie og eventuelle merknader. Kommunekasseraren eller ein annan person tilsett av kommunestyret var manntalsførar. I manntalsnemnda skulle manntalsføraren og to av kommunestyrerepresentantane vera medlemer.
Tilbake til toppen

11. Krinsjukekassa (Trygdekassa):
Sjuketrygdelova av 18.09.1909 fastsette at det skulle opprettast ein eller fleire offentlege sjukekassar i kommunen. Krinssjukekassane skulle leiast av eit styre som var valt av og mellom krinssjukekassen sine stemmeberettiga medlemer, innskotspliktige arbeidsgjevarar og av kommunestyre. Plikt til å vera medlem av krinssjukekassen hadde først og fremst tilsette i privat og offentleg teneste når dei hadde fylt 15 år og ei viss inntekt. Friviljuge kunne også vera medlemer. Manntalsførte fiskarar vart medlemer ved lov av 25.06.1935. Generalforsamling skulle haldast kvart år. Kommunestyre skulle tilsetja forretningsførar for krinssjukekassen. Krinssjukekassen var eit sjølvstendig rettssubjekt. Ved lov av 6.08.1915 skulle kommunestyre velja alle medlemane av styret. Forretningsføraren fekk rett til delta på styremøte og generealforsamling utan røysterett.
Ved sjuketrygdelova av 6.06.1930 skifte krinssjukekassane namn til trygdekassar, og tok samstundes over administrasjon av ulukkestrygdene. Dei årlege generalforsamlingane vart avskaffa. Trygdekassen fekk ansvaret for å administrera dei ulike trygdene som etter kvart vart oppretta. Lov av 2.03.1957 fastesette at sjuketrygda vart obligatorisk. Trygdekassen fekk også administrasjonsansvaret for alderstrygda og barnetrygda. Lov av 17.06.1966 samordna dei ulike offentlege trygdeordningane i folketrygda. Lov av 19.06.1970 overførte trygdekassen sine oppgåver til eit lokalt statleg trygdekontor.

Arkivet til krinssjukekassen vil innehalde møtebøker, journalar, kopibøker og korrespondanse etter styret og ankenemnda. Rekneskapsmaterialet utgjer hovudtyngda av trygdearkiva. Serleg inneheld kassa- og kontobøkene ei rekkje detaljerte opplysningar om innbetaling av premie og utbetaling av trygder. Etter kvart som trygdekassen overtok administrasjonen av dei fleste trygder, vil ein finna desse att som eigne rekneskapsprotokollar eller under eigne rubrikker i protokollane. Arbeidsgjevarprotokollane er ein viktig arkivserie. Desse protokollane er eit register over arbeidsgjevarane og tilsette trygdepliktige arbeidstakarar. Her finst opplysningar om arbeidstakarane sine inntektsklassar, risikoklassar, vekepremie og når dei vart innmeldte og utmeldte av trygdeordningane. Frå om lag 1950 er det dessutan ført ein eigen serie med bedriftsregister. Det er også premieprotokollar for frivillig trygding.
Tilbake til toppen

12. Alderstrygdnemnd og Barnetrygdnemnd:
Kommunen kunne ha eigne kommunale alderstrygdeordningar. Administrasjonen vart vanlegvis lagt til eit trygdestyre oppnemnt av kommunestyret. Staten gav ikkje støtte til dei kommunale trygdeordningane, og utgiftene måtte kvart år på vanleg måte bevilgast av kommunestyret. Alderstrygdlova vart vedteken 16.07.1936. I den enkelte kommune skulle det vera ei alderstrygdnemnd, der trygdestyret oppnemnte formannen og kommunestyret dei andre medlemene. Kommunestyret kunne bestemma at det skulle tilsetjast løna forretningsførar. Nemnda skulle leia administrasjonen av alderstrygda i kommunen og føra tilsyn med trygda. Alderstrygdlova av 6.07.1957 bestemte at trygdekassa fekk ansvaret for alderstrygda. Barnetrygdlova av 24.10.1946 bestemte at alderstrygdnemnda også skulle vera barnetrygdnemnd. Frå 1957 fekk trygdekassa ansvaret for barnetrygda, til liks med alderstrygda.

I arkiva etter alders- og barnetrygdnemnda vil det finnast møtebøker, journalar, kopibøker og korrespondansesaker. Dei to nemndene førte sjølstendige protokollar, sjølv om dei hadde same styret. For alderstrygda vil det også finnast personmapper, ofte ordna etter nummer med alfabetisk register. Det vil finnast rekneskapsbøker på utbetalingar frå dei to nemndene
Tilbake til toppen

13. Tekniske oppgåver / Bygningskommunen:
Trongen for å får løyst visse tekniske oppgåver oppstod først i dei større byane. I desse vart det oppretta brannkommisjonar på 1700-talet, og i første halvdel av 1800-talet fekk dei fleste kjøpstadane eigne brann-, bygnings- og reguleringskommisjonar. Etter kvart fekk også ladestadane og ein del tettstader på landet slike kommisjonar. Tettstadane skipa eigne brann – og bygningskommunar og hamnekommunar. Først ved bygningslova av 1965, som vart gjort gjeldande for heile landet, fekk alle landkommunar bygningsråd.

Bygningslovene:

1827 og 1899: Christiania / Oslo
1839 og 1899: Bergen
1845 og 1906: Trondheim
1845: om bygningsvesenet (alminnelig bygningslov)
1869: om bygningsvesenet – bygningskommunen
1896: om bygningsvesenet – bygningskommunen
1915: om bygningskommunen
1924: bygningsråd
1941: forordning —- 1945
1965: bygningslova
1970: brannlova, opphevelse av bygningskommunen

Dei første bygningslovene her i landet kom i dei største byane. Oslo fekk si bygningslov i 1827, Bergen 1830 og Trondheim 1845. Desse hadde særskilte bygningslover. Den alminnelige bygningslova av 1845 var gjort gjeldande for alle kjøpstader og ladestader utanom desse byane. Lova kunne også skulle omfatta større samlingar av bygningar på landet

Ein seier ofte at industrialderen i Norge byrja rundt 1850, då ei rekkje fabrikkar og mekaniske verkstader starta opp. Søner og døtre frå gardane i omlandet flytta inn til fabrikkstaden, og like eins kom tilflyttarar frå andre landsdeler. På nokre få år var det bygt opp ein tettstad med fabrikkar og bustadhus, eller ” større samlingar av bygningar på landet” der bygningslova av 1845 kunne verta gjort gjeldande.

Etter lova av 1845 skulle den enkelte by ha ein bygningskommisjon og ein reguleringskommisjon. Medlemene i bygningskommisjonen var politimeistaren, branndirektøren og stadkonduktøren (eller ein bygningskyndig person). Reguleringskommisjonen skulle vera samansett av bygningskommisjonen sine medlemar, magistraten og så mange formenn som desse sjølv avgjorde. Reguleringskommisjonen si første oppgåve var å ta avgjersle om i kva deler av byen lova skulle gjelda, og korleis gater og offentlege plassar skulle regulerast. Det skulle difor utarbeidast eit forslag til reguleringsplan som bystyret skulle ta stilling til. Den alminnelige bygningslova av 1896 gjorde mindre endringar i bygningskommisjonen si samansetting.

Tilbake til toppen