Tips og råd

Det kan vere komplisert å finne fram i kommunale arkiv. Vi har derfor prøva å samle ein del viktig informasjon som kan hjelpe deg litt på vegen. Trykk på lenkene under for meir informasjon.


Kva slags informasjon kan ein finne i kommunale arkiv?

IKAH har laga ei kort skildring over kva du kan finne i kommunale arkiv. Vi har lista opp alle arkivskaparane (før 1965) med kort forklaring over kven dei er i kommunal samanheng og kva slags arkiv du finn hjå dei forskjelllige arkivskaparane.

Kommuneinndeling i Hordaland

Det kan vere lurt å sjå litt på kommuneinndelinga i Hordaland når ein leitar i arkiva, til dømes i samband med slektsgransking. Kanskje har slektningane budd i ein kommune som i dag ikkje finst, da vil ein finne informasjon om desse i dei historiske arkiv til den nedlagde kommunen.

Da kommunane vart oppretta i 1837,  følgde grensene i hovudsak dei allereie eksisterande prestegjeldgrensene for kommunane på landet. Var eit prestegjeld delt mellom fleire amt, vart kvar del til ein eige kommune. Dersom sokna i prestegjeldet høyrde til ulike tinglag (juridisk administrativ organisering), så kunne kvar del krevje å verte eigen kommune. I 1838 hadde Hordaland 26 kommunar i tillegg til Bergen by. Utover på 1800-talet og i første del av 1900-talet blei fleire av kommunane delte. I 1961 var det 55 kommunar i Hordaland i tillegg til Bergen.

Når formannskapet skulle handsame saker som berre gjaldt eit sokn, var det berre dei folkevalte frå det aktuelle soknet som skulle delta. Dermed vart soknet det minste formannskapsdistriktet; soknekommunen. Ordninga med soknekommunar falt bort i 1951.

Digitalarkivet har lagt ut kart over prestegjeldsgrenser (før 1837) og kommunegrenser i Hordaland frå tida før 1964. Du finn kart frå Digitalarkivet sine sider over skipreider, prestegjeld og kommunegrenser ved å trykkje HER

Statistisk sentralbyrå laga ei historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelinga. Trykk HER for å opne lenke til Statistisk sentralbyrå sine sider.

NB: Vi har oppdaga ein feil i rapporten frå Statistisk sentralbyrå. Det er ikkje teke med at Eidfjord kommune gjekk ut av Ullensvang herad og vart eigen kommune i 1977.

 

Gotisk skrift

Om du ønskjer å lese og forstå ein del av det eldste arkivmaterialet som IKAH har i depot treng du kunnskap om gotisk skrift. Det er stor variasjon i kor vanskeleg gotisk skrift er å tyde, om ein ønskjer innsyn i denne type materiale kan ein anten be IKAH om hjelp eller bruke litt tid på å sette seg inn i gotisk skrift på førehand. Universitetet i Bergen har laga eit online kurs, kor ein kan lære seg gotisk. I tillegg har Bergen Byarkiv ved Knut Geelmuyden utarbeida ein rettleiar om korleis ein kan lese Gotisk handskrift. Lenkene finn du under.