Finn fram i arkiva

IKAH har mykje forskjellige arkivmateriale og det store spørsmålet for mange er korleis dei skal klare å  finne fram i alt arkivmaterialet. Vi har prøvd å samle nokre råd om korleis ein kan starte leitinga. Tilsette på IKAH er sjølvsagt tilgjengelege både på telefon, e-post og lesesalen for spørsmål du måtte ha om arkivmaterialet.

  • Arkivkatalogen, ved å studere katalogane vil du få ein unik innsikt i det eldre arkivet til kommunane. IKAH har ordna alle dei eldre arkiva frå 1837 og fram til ca. 1965 for eigarkommunane våre. Alt er ordna på saksnivå og står oppført etter arkivskapar og allment arkivskjema.
  • Arkivportalen, IKAH brukar ikkje arkivportalen enno. Her kjem det meir informasjon etterkvart.
  • Tips & råd, her samlar vi tips og råd som kan vere nyttige i arkivsamanheng.
  • Kommunehistoria. For å finne fram i arkiva er det viktig å kunne litt om kommunane si historie, blant anna har fleire kommunar blitt danna, slått saman og forsvunne igjennom historia.