Lesesalen

Opningstid:

Måndag, Tirsdag og Torsdag mellom 9.00 – 15.00

VIKTIG: I juli og fram til 14. august er lesesalen berre open kvar måndag 09.00-15.00

Ein kan tinge tid på lesesalen utanfor normal opninstid, det må avtalast nærare med den einskilde sakshandsamar.

 

Ved å besøke lesesalen kan du:

  • sjå nærmare på arkiv som er i depot hjå IKAH
  • få rettleiing og råd
  • tinge kopiar av arkivdokument

Det kan vere særs tidkrevjande å finne fram arkiva. Publikum må difor tinge arkivmateriale dei ønskjer innsyn i på førehand. Sakshandsamar hjå IKAH tek kontakt og avtaler tidspunktet for besøk. Om ein ikkje kan kome på lesesalen innanfor opningstida, kan ein gjere spesialavtale med IKAH om å kome på lesesalen etter opningstid. Dette må avtalast nærmare med sakshandsamar.


Bruk av arkivsaker:

Arkivmaterialet er uerstatteleg og du må difor vise varsemd når du skal bruke det.
IKAH har derfor nokre reglar for bruk av arkivsakene på lesesalen:

  • Opne berre ein arkivboks eller pakke om gongen
  • Pass på at dokumenta vert liggjande i rett rekkjefølge
  • Aldri fjerne noko av innhaldet
  • Bruk berre blyant når du skal notere noko og pass på at arkivsaker ikkje vert skriveunderlag. Det skal vere blyantar tilgjengeleg på bordet.
  • Ikkje sett blyantmerke i protokollane eller dokumenta eller lag brettar i dei
  • Ikkje legg opne protokollar oppå kvarandre
  • Du kan bruke eigen datamaskin på lesesalen
  • Du kan reservere arkivmateriale for seinare bruk. Sei ifrå til lesesalsvakta om du er ferdig med materialet eller vil sjå på det seinare.


Kopiering og fotografering

Gjestane på lesesalen kan kjøpe papirkopiar av arkivdokumenter. Kopiering av nokre få dokument kan skje medan ein er på lesesalen, men om ein ønskjer kopi av fleire dokument må dette tingast. Betaling må skje kontant eller ved fakturering. Ta kontakt med IKAH for meir informasjon.

Det er òg høve til å ta med eige kamera for sjølv å ta bilete av dokumenta. Merk at det ikkje er høve til å bruke blits.


For meir informasjon: