Nye kommunenummer

I mai registrerte IKA Hordaland for fyrste gong eit arkiv ved å nytte dei nye kommunenummera! Som mange kommunar nyttar også vi kommunenummer som ein identifikator ved ordning av arkiv.

Vi valte å leggje inn (nye) Øygarden kommune som eigar av ein arkivdel frå Sund kommune som gjaldt Sotra Tomteselskap AS.

Sotra tomteselskap var eit AS med Fjell kommune, Sund kommune og Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) som eigarar. Selskapet kjøpte eigedomar i Fjell og Sund og regulerte og tilrettelagde byggefelt med VVA og selde tomter til privatpersonar. Selskapet vart oppløyst tidleg på 1990- talet og eigedomane og arkivet, selskapet sat på vart då overført til eigarkommunane Fjell og Sund. Det var NBBL i Bergen som var forretningsførar og som gjennomførde prosjekta på vegne av selskapet, det var også dei som hadde arkiva plassert hjå seg i Bergen sentrum. Fjell og Sund sine rollar var som passive eigarar, men dei sat sjølvsagt i styret for selskapet.

Når vi no fekk inn arkivdelane frå Sund og Fjell kommune, valte vi raskt å leggje inn (nye) Øygarden kommune som eigar, for å samle arkivet igjen, medan Sund og Fjell vi stå som avleverarar og Sotra tomteselskap AS vil vere arkivskapar.

Det nye kommunenummeret etter samanslåing av Sund, Fjell og Øygarden finn vi på nettsida til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og det vil vere 4626.

Hovudregelen er at alle nye kommunar og fylkeskommunar får nye kommune- og fylkesnummer. Samanslåinga av fylkeskommunar gjer det også nødvendig å fastsette nye kommunenummer til alle kommunane i det nye fylket, då dei to fyrste siffera i eit kommunenummer viser til fylke. Derfor vil desse endringane også gjelde kommunar som ikkje skal slå seg saman.

Alle kommunane som eig IKA Hordaland vil derfor få nytt kommunenummer, og alle vil byrje med tala 46 frå 1. januar 2020.

Det nye kommunenummeret for (nye) Øygarden i bruk

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *