Kontaktkonferansen 2018

Da er program og påmelding til kontaktkonferansen klar! Konferansen er open for alle, både kommunar og andre interesserte.

Frist for påmelding er 27. mars!

Lenke til påmelding trykk her

 

I eit stadig skiftande arkivlandskap, med store endringar og komplekse prosessar er samarbeid viktig, uavhengig om ein skal slå seg saman med ein annan kommune eller ikkje. Den fyrste konferansedagen vil difor ta opp fleire samarbeidsprosjekt. «Årets arkiv 2017», «Grenlandssamarbeidet» kjem for å fortelle korleis fleire kommunar i Grenland samarbeider, utan å slå seg saman. Vi vil også får høyre frå konkrete samarbeidsprosjekt i Hordaland og kva for erfaringar ein har gjort seg i desse. I tillegg kjem Datatilsynet, for å gje tips og råd om den nye personvernforordningen. Mange kommunar har eigne tilsette som jobbar med dette, men kva må arkivet vere særskilt merksam på?

Dag to vil handle om bevaring og kassasjon. Oslo Byarkiv har jobba mykje med sin bevaring- og kassasjonsplan og kjem for å snakka om denne og korleis den i dag vert brukt i kommunen. IKA Hordaland har også vore med Fjell, Sund og Øygarden å utarbeida ein mal for B/K-plan. Denne vil prosjektleiar Birte Young presentere. I år avsluttar vi konferansen med ein verkstad, nettopp om bevaring og kassasjon. Dette vil vere ein unik moglegheit for å starte dette arbeidet i eigen kommune og kjem ein godt førebudd til verkstaden kan kommunen ha ein fiks ferdig B/K-plan den 12. juni!! (Meir informasjon om dette kjem til dei som melder seg på. Hugs å kryss av i påmeldingsskjema).

Vi gjer merksam på at det er avgrensa med plassar på konferansen, så her er det berre å hive seg rundt å melde seg på.

Vel møtt til Solstrand i juni!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *