Jubileumshefte lansert

På jubileumsfesten vår på fredag lanserte vi jubileumshefte «30 år Interkommunalt arkiv i Hordaland».

I eit jubileumsår kan det vere fint å sjå seg tilbake, på arbeidet IKA Hordaland og eigarane har gjort dei siste 30 åra. Vi valde difor å lage eit jubileumshefte til eigarane våre, med ønske om å fortelje IKA Hordaland og kommunane si historie. I tillegg til arbeidet som er gjort desse 30 åra, som ordning av arkiva, sikker oppbevaring, rådgjeving, sikre rettigheitsdokumentasjon og historiske kjelder. Dette arbeidet gjer at vi i dag har arkiv sikra for ettertida. Problemet er at mange ute i kommunane veit lite om kva som finst i deira arkiv, dette gjeld både innbyggjarar, politikarar og dei som sjølv jobbar i kommunen. Vi ønskjer at arkiva skal bli brukt om det er for å finne spennande historier, sjå «mappa si» eller å undersøke kva kommunen tidligare har bestemt.

Så vi håper at dette vil vise kva mangfald som eigentleg finst i arkiva og gje inspirasjon til vidare arkivinteresse.

Innhaldet er laga av tilsette på IKA Hordaland, alle illustrasjonar/bilde er anten funne i kommunane sine arkiv eller tilverka av IKA Hordaland. Design og kart er produsert av Historikarverksemda.

Hefte vil bli sendt til eigaren våre, men vi har også laga ei digital utgåve som alle kan bla i. Trykk på bilde under!

Ta kontakt med Anita om nokon har spørsmål kring hefte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *