Vi feirar 30 år med jubileumsfest på Litteraturhuset

Den 26. mars 1987 vart Interkommunalt arkiv i Hordaland skipa. Målsettinga var å få til ei forsvarleg og systematisk lagring av kommunane sine arkiv. IKA Hordaland skulle i fyrste omgang hjelpe til med konservering, ordning, registrering og katalogisering. Dette var altså utgangspunktet og starten på eit grundig og aktivt arbeid for dei kommunale arkiva i eit skiftande arkivlandskap med stadig nye utfordringar. Så kva skjedde på vegen? Kor står vi i dag? Kva er framtida?

Vi feirar 30 år med å invitere til fagseminar om arkiv, både i fortid, notid og framtid. Riksarkivar Inga Bolstad kjem for å opne arrangementet. Ordførar på Radøy, Jon Askeland, vil fortelje om arkiv som kulturberar i kommunane. Historikar Christopher Harris vil vise korleis gamle arkiv kan fortelle viktige og interessante historier om fortida og fortel historia om «forsømte og moralsk fordærvede» barn i Hordaland. Vi har i dag eit skattekammer med historiske kjelder, men kva med framtida? Vil våre etterkommarar finne oss i arkiva om 100 år? Leiar av Norsk Arkivråd, Marianne Høiklev Tengs løfter blikket og ser framover, på framtidas arkiv.

 

Arrangementet er gratis og det vil bli enkel servering. Meld deg på her.

 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *