IKA Hordaland kartlegg eigedomsarkiv hjå kommunane

I vår har mange av IKA Hordaland sine eigarar starta å digitalisere arkiva sine og i desse dagar går det ut eit anbod kring digitalisering av eigedomsarkiv frå 10 kommunar i  Hordaland. Vi har på oppdrag frå kommunane gjort ei kartlegging av dei einskilde kommunane sine eigedomsarkiv, omfanget av desse, kva for arkivseriar dei inneheld, samt indre orden i arkiva. IKAH har ut frå dette utarbeida ein rapport til kvar kommune, som dei skal nytte som grunnlag i prosessen kring anbodet på digitalisering av arkiva.

 

I følgje Arkivverket er det ikkje høve til å kassere eigedomsarkiv, sjølv etter digitalisering. Vi har difor etablert eit samarbeid med dei store leverandørane når det gjeld digitalisering av eigdomsarkiv. Samarbeidet inneber at vi avlastar kommunen og held dialogen kring avlevering av ferdig skanna eigedomsarkiver og sørgjer for at desse arkiva vert registert i ASTA, samt avlevert direkte til depot hjå oss.

Vi har fått gode tilbakemeldingar, både frå leverandørane og dei einskilde kommunane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *