Status «Snøklokkeprosjektet»

Våren 2016 tok IKA Hordaland i samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane eit initiativ til å utvikle ein app for smartphone og nettbrett. Målet var å utvikle ein enklare og meir straumlinja metode for å registrere arkivbestanden i kommune og slik oppfylle krava i arkivforskrifta.

Prosjektet vart kalla «Snøklokkeprosjektet» og fekk tildelt 275 000,- kr i tilskot frå Arkivverket, for å utvikle ideen og applikasjonen vidare. Det vart laga ei bestilling av det resultatet vi ønskte å oppnå, som enda med at vi signerte kontrakt med Documaster for utvikling av applikasjonen.

Det er viktig at applikasjonen støttar ulike funksjonalitetar. Ein må mellom anna kunne stå offline og fysisk kvar som helst der kommunen oppbevarar arkiv og vidare enkelt registere arkiv, arkivseriar og arkivsystem digitalt via smartphone eller nettbrett direkte inn i arkivplan. I etterkant skal ein kunne fylle på registreringane med fleire metadata, som t.d. funksjon eller i kva grad arkivet er avlevert til depot eller ikkje.

Dette vil vere ein effektiv måte å jobbe på. Ein slepp å gjere ting to gonger, og ein kan enkelt bygge vidare på informasjonen ein allereie har, samt at prosessen er digital frå start til mål. Sett i lys av kommunesamanslåingane ønskjer vi også at det blir mogleg å «slå saman «arkiva digitalt gjennom arkivplan.no verktøyet.

Vi kan no opplyse om at prosjektet går etter planen og den fyrste leveransen, ein beta-test versjon blir rulla ut for testing den 01. juni. Arbeidet framover vil difor vere å teste funksjonalitet fram til september, for då endelig å gjere app´en tilgjengeleg for brukarane av arkivplan.no!

Skjermbilde av utsjånaden når ein jobbar i appen frå mobil

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *