75 år sidan Telavåg-tragedien

Det er i desse dagar 75 år sidan tyske okkupasjonsmakter jamna heile Telavåg med jorda. Den 26. april 1942 er det skotveksling mellom Gestapo-offiserar og norske motstandsfolk. Begge offiserane frå Gestapo og ein nordmann vert drepne. Dette er starten på historia som endar i ei katastrofe for bygda Telavåg.

Nokre dagar etter skotvekslinga vart alle menn i Telavåg, mellom 16 og 60 år arrestert. Til saman vart 66 menn og gutar sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland. 31 av desse kom aldri tilbake. Den 1. mai vart resten av befolkninga i bygda arrestert, 250 kvinner, eldre menn og barn vart ført til Storetveit skole i Fana og vidare til Framnes Ungdomskule i Hardanger. Her satt dei internert fram til 17.mai 1944.

 

Desse dokumenta viser kven som satt internert ved Framnes på tidspunktet dei vart frigjeven den 17.mai 1944 (Sund 021 Ec.15)

Etter å ha arrestert befolkninga i byrjinga av mai  vart Telavåg jamna med jorda. Om lag 300 bygningar, som våningshus, sjøhus, naust, driftsbygningar og offentlege bygg, vart brend ned. Det vart forbode å opphalde seg på Telavåg. I dag for nøyaktig 75 år sidan skriv fylkesmannen eit sjelsettande brev til ordføraren i Sund om at «på anmodning av Reichskommisar meddeler jeg at Tellevåg er jevnet med jorden og at det inntil krigens slutter forbudt å gå inn i nevnte området (…)»

Brev frå Fylkesmannen til ordføraren i Sund datert 16.mai 1942. Telavåg er no forbode området å opphalde seg på (Sund 021. Eb. 4)

Denne katastrofa satte sjølvsagt djupe spor i befolkninga i Telavåg og gjenreisinga etter krigen vart viktig. I arkiva etter Sund kommune finn vi mykje informasjon om korleis bygda vart gjennreist. Den 23. juni 1945 oppretta fylkesmannen i Hordaland ei nemnd som skulle arbeide med gjennreisinga av bygda, denne nemnda laga også eit hefte som skildra arbeidet gjennom fleire år. I tillegg til nemnda vart det oppretta «tillitsmannskomiteen», i denne vart gardbrukarar og andre lokalt busette valt inn.

Gjenreisinga av Telavåg tok mange år, ein sleit mellom anna å få tak i materiale til bygging, men i 1949 var mykje gjenreist. Det skulle derimot ta mange år før borna som vart internert fekk erstatning. Det vart fyrst tilkjent i 2003 av den tyske stat.

 

Om du ønskjer meir informasjon om ulykka kan vi tilrå dette minneprogrammet NRK laga i 1992.

Kjelder: Sund kommune (021- Eb.4 – Ec.1 – Ec.15)

Desse sidene er henta frå hefte som vart laga om gjenreisinga av Telavåg. Legg merke til dei provisoriske telta ein budde i da arbeidet starta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *