Tilbakelån

Eigarkommunane kan jf. depotavtala mellom IKAH og kommunen låne tilbake arkivmateriale i samsvar med reglane for tilbakelån (jf. Arkivforeskrifta §5.12).

IKAH har utarbeide retningsliner for kommunane ut frå lovverket og Riksarkivaren sin Normalinstruks for arkivdepot i kommunar og fylkeskommunar.

Retningsliner for tilbakelån:

  • Dersom det er naudsynt for sakshandsaminga eller likande, kan kommunen låne tilbake arkivmateriale som er avlevert til depot hjå IKAH. Låneperioden skal ikkje vere lenger enn det som er naudsynt.
  • Arkivmaterialet som kommunen har lånt tilbake må ikkje blandast saman med anna arkivmateriale hjå kommunen/ sakshandsamar.
  • Arkivmaterialet som kommunen låner tilbake skal oppbevarast etter føresegner i arkivforskrifta kapittel IV.
  • Tilbakelånt arkivmateriale kan ikkje lånast vidare til andre utan samtykke frå IKAH
  • Elektronisk materiale skal ikkje lånast tilbake, istaden kan kommunen få ein kopi av IKAH
  • Kommunen/ sakshandsamar må fylle ut og skrive under på dette skjema i samband med lån av arkivmateriale frå depot hjå IKAH
  • Når kommunen leverer arkivmateriale tilbake må ein ta kontakt med IKAH, som vil lage til ein kvittering.